Naturfiber
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Naturfiber er fiber av plante- eller dyreopphav. Botanisk fiber er langstrekte planteceller, anten vedfiber eller bastfiber. Zoologiske naturfiber er pattedyrhår eller trådar framstilt av insekt eller edderkoppdyr.

Foto: Luigi Visonà
Blant botaniske naturfiber har vi til dømes bomull, lin, hamp, jute, ami, kokos, manila, raffia, sisal.[1] Animalske fiber er til dømes ull eller pelshår av sau, kasjmir, mohair, angora, alpakka, lama, alpakka , kamel og jak. Silke er framstilt av silkeormar, eit insekt. Edderkoppar lagar spindelvev og trådar som også er naturfiber, sjølv om dei sjeldan blir brukte av menneske.

Remove ads
Framstilling av naturfiber
Vedfiber vert frigjort frå anna cellevev ved at plantematerialet vert lagt til røyting, slik at pektinet som bind saman fibra vert løyst opp gjennom ein naturleg gjæringsprosess.[2]
Utviklingshjelp
Naturfiber kan bli produsert med enkel og miljøvennleg teknologi, og produksjonen kan gje inntekter til mange menneske, spesielt i utviklingsland. Dette er ein bakgrunn for at FN utropte 2009 til internasjonalt naturfiberår.[3]
Sjå òg
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads