Nemo Mettler

From Wikipedia, the free encyclopedia

Nemo Mettler
Remove ads

Nemo Mettler (fødd 3. august 1999), kjend mononymt som Nemo, er ein sveitsisk rappar, songar og musikar som speler fiolin, piano og trommer.[1] Hen vann Eurovision Song Contest 2024 for Sveits med songen «The Code».

Remove ads

Karriere

I 2015 gav Nemo ut debut-EP-en Clownfisch, som nådde ein 95.-plass på dei sveitsiske hitlistene. I 2017 gav hen ut singelen «Du», som nådde ein 4.-plass i Sveits.[2]

I 2022 deltok Nemo i den andre sesongen av The Masked Singer Switzerland, der hen var utkledd som panda.

Den 29. februar 2024 vart Nemo annonsert som den sveitsiske representanten i Eurovision Song Contest 2024 med songen «The Code».[3] Songen vann konkurransen i finalen 11. mai 2024[4].

Remove ads

Privatliv

I november 2023 stod Mettler fram som ikkje-binær i ein artikkel i SonntagsZeitung. I denne artikkelen sa Mettler at hen føretrekte å bli omtala med førenamnet i staden for pronomentysk, medan hen også brukte dei kjønnsnøytrale pronomena they/themengelsk.[5]

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads