Nesophlox

From Wikipedia, the free encyclopedia

Nesophlox
Remove ads

Nesophlox er ei biologisk slekt av fuglar i ordenen seglarfuglar (Apodiformes), i kolibrifamilien Trochilidae. Slekta omfattar berre to artar, begge er heimehøyrande på Bahamas.

Kjappe fakta

Namnet Nesophlox kjem frå gresk: nēsos som tyder «øy», og phlox som tyder «eld» eller «flamme».[1]

Remove ads

Kjenneteikn

Dei to kolibriartane i denne slekta er svært like og har tidlegare vorte behandla som same art, men skil seg gjennom ulik læte og paringsåtferd. Dei måler mellom 7,8 og 8,2 cm i lengd. Hannane har eit kort, svakt nedoverbøygd svart nebb, iriserande grøn rygg, ein liten kvit flekk bak auget, fiolett til purpurraud glinsande strupeflekk, kvitaktig bryst, raudbrun buk med grøne innslag, raudbrune kroppssider og ein djupt kløyvd stjert. Hone har matt grøn overside, bleikgrå strupe med små grøne prikkar, kvitaktig bryst og raudbrun buk. Stjerten er avrunda.[2]

Remove ads

Systematikk og taksonomi

Det feminine slektsnamnet Nesophlox vart føreslått av ornitologen Robert Ridgway i 1910. Typearten vart Trochilus evelynae, som no heiter Nesophlox evelynae, bahamaskolibri.

Fylogenetiske studiar viste at dei tidlegare artane Calliphlox evelynae og Calliphlox lyrura frå Bahamas dannar ein klade saman med slektene Mellisuga og Archilochus, og vart difor overførte til den attoppretta slekta Nesophlox. På den andre sida danna Calliphlox bryantae og Calliphlox mitchellii ein annan klade saman med slektene Eulidia, Microstilbon og Chaetocercus, og vart difor overførte til den gjenoppretta slekta Philodice.[3]

Artsoversyn

Slekt Nesophlox i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V15.1, 2025,[4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[5] Verdas naturvernunion, IUCN, har vurdert begge artane som livskraftige:[6]

Meir informasjon Bilete, Norsk namn ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads