New Juke Box Hits
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
New Juke Box Hits er det femte studioalbumet til rock and roll-pioneren Chuck Berry. Det kom ut i mars 1961 på Chess Records. I motsetnad til dei fire førre albuma, var berre to av songane på albumet gjevne ut før på singlar. Albumet vart spelt inn og utgjeve medan Berry hadde juridiske problem, som førte til at han vart fengsla i 1962. Dårleg publisitet knytt til desse problema påverka platesalet negativt og verken av albumet eller singlane gjekk inn på salslistene. Det tok tre år før Berry gav ut eit nytt album, St. Louis to Liverpool.
«I'm Talking About You» vart seinare spelt inn av Rolling Stones for Out of Our Heads, og denne nådde andreplassen på den britiske singellista.
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Chuck Berry, utanom der andre er nemnde
Remove ads
Medverkande
- Chuck Berry — vokal, gitarar
- Johnnie Johnson — piano
- Reggie Boyd — bass
- Fred Below, Jaspar Thomas — trommer
- Leroy C. Davis — tenorsaksofon
Bakgrunnsstoff
- New Juke Box Hits på Discogs (liste over utgjevingar)
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads