St. Louis to Liverpool
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
St. Louis to Liverpool er det sjuande studioalbumet og det tiande totalt av rock and roll-artisten Chuck Berry, utgjeve i 1964 på Chess Records. Det nådde 124. plassen på Billboard-albumlista, og var det første av Berry sine studioalbum som gjekk inn på denne lista. Musikkritikaren Dave Marsh kalla det «ei av dei beste rock and roll-platene som nokon gong er laga».[2]
Remove ads
Innhald
Den 18. oktober 1963 slapp Berry ut av fengsel etter å ha sete inne i 20 månader for å ha transportert ein mindreårig over ei delstatsgrense for «umoralske føremål».[3] Medan han sat i fengsel hadde fleire unge rockgrupper funne inspirasjon i musikken hans. Beach Boys hadde basert den store hitsingelen sin «Surfin' U.S.A.» på hans «Sweet Little Sixteen»; Beatles hadde spelt inn «Roll Over Beethoven» på det andre amerikanske albumet deira; debutsingelen i Storbritannia av Rolling Stones var ein versjon av «Come On» og dei hadde inkludert «Carol» på det første amerikanske albumet deira, England's Newest Hitmakers.
Berry og Chess Records ønskte å utnytte denne populariteten hans under den britiske bølgja, og gav ut dette albumet for å appellere til unge kjøparar. St. Louis to Liverpool inneheld fire av fem singlar han gav ut i 1964, det siste året han fekk fleire singlar inn på Billboard Hot 100: «No Particular Place to Go», «You Never Can Tell,» «Promised Land» og «Little Marie,» ein oppfølgjar til «Memphis, Tennessee». Dei fire b-sidene til desse singlane kom òg ut på albumet i tillegg til «Our Little Rendezvous», ei B-side frå 1960, «Merry Christmas Baby» som var eit alternativt opptak av julesingelen hans frå 1958 som ikkje var gjeven ut før, ein instrumental frå 1950-åra og «Liverpool Drive», som var ein nyare instrumental.
I 2004 gav Chronicles-avdelinga til Universal Music Group ut albumet på ny på CD med tre bonusspor.
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Chuck Berry, utanom der andre er nemnde
Remove ads
Medverkande
- Chuck Berry — vokal, gitarar
- Matt «Guitar» Murphy — elektrisk gitar på «Our Little Rendezvous»
- Johnnie Johnson — piano på «Our Little Rendezvous», «You Never Can Tell», «Things I Used to Do», «Merry Christmas Baby», «Fraulein», «O Rangutang», og «The Little Girl from Central»
- Lafayette Leake — piano på «Promised Land», «Night Beat» og «Brenda Lee»
- Paul Williams — piano på «No Particular Place to Go», «You Two» og «Liverpool Drive»
- Willie Dixon — bass på «Our Little Rendezvous», «Promised Land», «Night Beat», «Merry Christmas Baby» og «Brenda Lee»
- Odie Payne — trommer
- Fred Below — trommer på «Night Beat» og «Merry Christmas Baby»
- Ebby Hardy or Jaspar Thomas — trommer på «Our Little Rendezvous»
- Leroy C. Davis — tenorsaksofon på «Our Little Rendezvous», «You Never Can Tell», «Fraulein' og «O Rangutang»
- James Robinson — tenorsaksofon on på «You Never Can Tell», «Fraulein» og «O Rangutang»
- Teknisk personell
- Andy McKaie — produsent for nyutgjeving
- Vartan — kunstnarisk leiar
- Mike Fink — design
Salslister
Album
Singel
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads