New Kid in Town
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«New Kid in Town» er ein song skriven av Don Henley, Glenn Frey og J.D. Souther og spelt inn av Eagles for albumet Hotel California i 1976. Han vart gjeven ut som den første singelen frå albumet og nådde toppen av singellista i USA og 20. plassen i Storbritannia. Singelversjonen tonar ut tidlegare enn albumversjonen. Den 26. februar 1977 nådde songen toppen av Billboard-lista. Glenn Frey syng solovokal på songen med Don Henley på harmonivokal. Randy Meisner spelar gitarrón mexicano og Joe Walsh elektrisk piano og orgel.[2]
Eagles-biografen Marc Eliot skriv at «New Kid in Town» fangar «ein presis og spektakulær augneblink som alle karar som har kjent smerte, sjalusi, utryggleik, sinne og hjartesorg i den augneblinken han oppdagar at kjærasten likar nokon andre betre og har gått vidare kjenner att.»[3] Han skriv òg at han fangar eit meir abstrakt tema om «den lunefulle karakteren til både musen og massane.»[3]
I plateomslaget til The Very Best Of snakka Don Henley om kva songen tyder:
« | Han handlar om den forbigåande, lunefulle karakteren til kjærleik og romanse. Han handlar òg om den forbigåande karakteren til kjendislivet, særleg innan musikkindustrien. Me sa i hovudsak, 'Sjå her, me veit me er særs heite akkurat no, men me veit òg at nokon kjem til å kome og erstatte oss - både i musikk og kjærleik.'[4] | » |
I 1977 vann Eagles Grammy-prisen for beste stemmearrangement med «New Kid in Town».[5]
På det første soloalbumet til Henley, I Can't Stand Still, refererer han til songen i linja «there's a new kid in town» mot avslutninga av «Johnny Can't Read».
Remove ads
Medverkande
- Glenn Frey: solovokal, akustisk gitar
- Don Henley: trommer, perkusjon, korvokal
- Don Felder: sologitar
- Joe Walsh: elektrisk piano, orgel
- Randy Meisner: bassgitar, gitarrón mexicano, korvokal
Lister
Årslister
|}
Remove ads
Andre versjonar
- Den amerikanske countrysongar Trisha Yearwood song songen i 1993 på albumet Common Thread: The Songs of the Eagles.
- Den svenske dansebandsongaren Kikki Danielsson spelte songen i 2006 på albumet I dag & i morgon.
- Den finske gruppa Cumulus spelte songen i 1977 med den svenske tittelen «En främling i stan».
- Den franske countrysongaren Dick Rivers song songen i 1979 på albumet De Luxe med den franske tittelen «Le dernier d'la classe».
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads