Albumet Hotel California
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Hotel California er det femte studioalbumet til amerikansk rockeband Eagles, gjeve ut på Asylum seint i 1976. Det er det første Eagles-albumet utan den opphavlege medlemmen Bernie Leadon og det første med gitaristen Joe Walsh. Det er òg det siste Eagles-albumet med bassisten Randy Meisner. Albumet vart det bestseljande studioalbumet deira med over 16 millionar eksemplar i USA aleine og 32 millionar eksemplar verda over. Albumet toppa listene og vann Grammy-prisen to gonger for «Hotel California» og «New Kid in Town». Albumet vart nominert til årets album, men tapte for Fleetwood Mac sitt Rumours.
Albumet inneheld tre topp 20-singlar, «New Kid in Town», «Hotel California» og «Life in the Fast Lane». «New Kid in Town» og «Hotel California» toppa begge Billboard Hot 100, og «Life in the Fast Lane» nådde 11. plassen på lista. Albumet vart rangert på 37. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidende. Albumet stadfesta gruppa som eit av dei mest populære, amerikanske banda i 70-åra. Songen «Hotel California» vert av mange rekna som den beste rockesongen gjennom tidende og vart av Rolling Stone plassert på 49. plass på lista deira over dei 500 beste songane gjennom tidende. Gitarduetten mot slutten av songen vart framført av Don Felder og Joe Walsh. Albumet inneheld òg «Wasted Time», «Victim of Love» og «The Last Resort».
Remove ads
Historie
Hotel California var det femte studioalbumet til Eagles med originale songar og vart ein stor kritikar- og salssuksess etter det kom ut seint i 1976. Det har seld over 16 millionar eksemplar i USA aleine, der det låg på toppen av albumlista i åtte veker tidleg i 1977, og to av songane på albumet nådde førsteplassen av singellista i USA: «New Kid in Town» den 26. februar 1977, og «Hotel California» den 7. mai 1977.
I 2001 sette VH1 Hotel California på 38. plass på lista si over dei 100 beste albuma gjennom tidende. I ei folkeundersøking til den britiske TV-kanalen Channel 4 på 13. plass på ei liste over dei 100 beste albuma gjennom tidene, og i 2003 sette Rolling Stone albumet på 37. plassen.[5]
Medan Eagles spelte inn albumet, spelte Black Sabbath inn albumet Technical Ecstasy i nabostudioet i Criteria Studios i Miami. Eagles måtte fleire gonger ta ein pause fordi Black Sabbath spelte så høgt at lyden kom gjennom veggen.[6]
Medlemmar av Eagles har skildra albumet som ein metafor for den oppfatta nedgangen i Amerika til materialisme og dekadanse.I eit intervju med det nederlandske magasinet ZigZag kort tid før albumet kom ut, sa Don Henley:
« | Dette er eit konseptalbum, det er ikkje noko tvil om det, men [i motsetnad til Desperado frå 1973] er det ikkje sett til den gamle Vesten, cowboysaken. Det er meir urbant denne gongen. Landet er 200 år gammalt i år, så me fann ut at sidan Eagles og ørna (Eagle) er nasjonalsymbolet vårt, lagde med eit liten jubileumsbodskap med California som eit mikrokosmos for heile USA, eller heile verda, om du vil, og me prøver å vekkje folk og sei 'Me har gjort det greit så langt, i 200 år, men me forandre oss om me framleis skal vere her.’ | » |
Remove ads
Mottaking
Albumet har alltid fått god kritikk hos musikkpressa. I meldinga si for AllMusic skreiv William Ruhlmann om albumet at «tidleg i karrieren deira verka Eagles aldri å få til musikk som var stor nok for ambisjonane deira. Etter dei endre produsent og personell auka kreativiteten og Hotel California avdekte det som verka som eit heilt nytt band. Det var eit band som kunne vere bombastisk, men laga òg musikk som sidan kunne få merkelappen «classic rock,» musikk for store arenaer og stadion der bandet spelte.»[7]
Remove ads
Innhald
Medverkande
- Eagles
- Don Felder – gitarar, pedalsteelgitar, vokal
- Glenn Frey – gitarar, piano, clavinet, synthesizer, vokal
- Don Henley – trommer, perkusjon, vokal
- Randy Meisner – bassgitar, gitarrón, vokal
- Joe Walsh – gitarar, slidegitar, elektrisk piano, organ, synthesizer, vokal
- Produksjon
- Bill Szymczyk – produsent
- Allan Blazek, Bruce Hensal, Ed Mashal, Bill Szymczyk – lydteknikarar
- Bill Szymczyk – miksing
- Jim Ed Norman – strykearrangement, dirigent
- Sid Sharp – konsertmeister
- Don Henley, John Kosh – kunstnarisk leiing
- John Kosh – design
- David Alexander – fotografi
- Kosh – kunst
- Norman Seeff – plakatdesign
- Ted Jensen – mastering and remastering
- Lee Hulko - original mastering
Remove ads
Lister
Årslister
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads