New Values
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
New Values er det fjerde studioalbumet til Iggy Pop og det første sidan The Stooges sitt Fun House og Kill City der David Bowie ikkje var involvert. Albumet kom ut i april 1979 og var det første albumet til Pop på Arista og det første samarbeidet til Pop og James Williamson sidan Kill City.
Remove ads
Bakgrunn
Albumet førte Pop og Williamson saman ned multi-instrumentalisten Scott Thurston att, som hadde spelt piano på konsertane til The Stooges på Metallic K.O. og på Kill City.
Innspeling og utgjeving
Williamson spelte gitar på «Don't Look Down», men Scott Thurston spelte gitar på resten av songane medan Williamson konsentrerte seg om produksjonen.[2] Ein av songane var skriven av Pop og Williamson, medan fem songar var skriven av Pop og Thurston.
New Values kom ut i april 1979 på selskapet Arista. Sjølv om det fekk god kritikk, selde dårleg og nådde berre 180. plassen på Billboard Top 200-lista.
Det vart laga videoar for «I'm Bored» og «Five Foot One».
Remove ads
Mottaking
New Values er nokså kritikarrost. Då albumet kom ut skreiv Paul Morley i NME at New Values «heilt klart syner Osterberg som tenkjaren og Iggy som artisten, og forholdet er både positivt og stolt.»[7]
Charlotte Robinson i PopMatters skreiv at albumet «balanserer forsiktig mellom det tøffe og vare, opprør og tilfredsstilling, oppriktigheit og humor, skråskikre rop og nyansert balldesynging ... det gjer albumet til ein vinnar».[8]
Ettermæle
David Bowie spelte seinare inn songen «Don't Look Down» for albumet sitt Tonight (1984) og nytta denne som opning og avslutning for kortfilmen Jazzin' for Blue Jean.
Frontmannen i Pixies, Frank Black siterte New Values som eit av favorittalbuma hans.[9]
«The Endless Sea» vart spelt av det australske psykedelisk rockebandet The Church i 1999 på albumet A Box of Birds.
Innhald
Remove ads
Medverkande
- Iggy Pop – vokal
- Scott Thurston – gitar, harpe, klaverinstrument, synthesizer, vokal, blåsararrangement
- Klaus Krüger – trommer
- Jackie Clark – bass
- John Harden – blåsarar
- David Brock – strykarar, strykararrangement
- Earl Shackelford – korvokal
- The Alfono Sisters (Anna og Mary) – korvokal på «Don't Look Down» og «Angel»
- James Williamson – gitar, blåsar- og strykararrangement, produsent, miksing
- Teknisk
- Lloyd Malan – produsentassistent
- Peter Haden – lydteknikar, miksing
- Paul Henry – design og kunstnarisk leiar
- Trevor Rogers – fotografi
- Graphyk – grafikk
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads