Nils Christie

norsk sosiolog og kriminolog From Wikipedia, the free encyclopedia

Nils Christie
Remove ads

Nils Christie (24. februar 192827. mai 2015)[1] var ein norsk professor i kriminologi frå Oslo.

Remove ads

Karriere

Nils Christie tok magistergraden i sosiologi i 1953 og var dosent i kriminologi frå 1959. Han vart dr.philos. i 1960 og professor i kriminologi i 1966. Han skreiv den sosiologiske avhandlinga si om unge lovbrytarar og korleis samfunnet skil mellom kva som er kriminalitet og ikkje. I mange år var han styrar ved Institutt for kriminologi og strafferett ved Universitetet i Oslo.[1]

Christie skreiv ei rekkje bøker og var ein ivrig deltakar i samfunnsdebatten om kriminalitet, straff og rettsvesen. Fleire av bøkene hans er også omsette til andre språk, som Pinens begrensning (1981), Den gode fiende (1984, saman med Kettil Bruun), Kriminalkontroll som industri. Mot GULAG, vestlig type? (1993) og En passende mengde kriminalitet (2004). Han var talsmann for å leggje om narkotikapolitikken, og tok mellom anna til orde for legalisering av cannabis. Sentrale tema i forskinga hans var fengsel, konflikt og kriminalitetskontroll.[1]

Nils Christie vart tildelt Fritt Ord-prisen i 2001. I 1996 vart han utnemnd til æresdoktor ved Københavns Universitet. Ved sida av sosiolog Thomas Mathiesen, er Christie omtala som ein av to norske samfunnsforskarar i boka 50 Key Thinkers in Criminology (Routledge, 2009).[2]

Han var gift med kriminolog Hedda Giertsen.

Christie omkom etter å ha kollidert på sykkel med ein trikk i Oslo.[3]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads