Thomas Mathiesen

norsk sosiolog From Wikipedia, the free encyclopedia

Thomas Mathiesen
Remove ads

Thomas Mathiesen (5. oktober 193329. mai 2021[1]) var ein norsk sosiolog. Han var professor i sosiologi ved Universitetet i Oslo 1972–2003, emeritus frå og med 2004.

Mathiesen er mest kjend for arbeid innan rettssosiologi og kriminologi, og han var internasjonalt anerkjend som ein innverknadsrik forskar på desse fagfelta.[2] Han var òg i mange år ein hyppig samfunnsdebattant.

Remove ads

Karriere

Mathiesen studerte sosiologi i Wisconsin i USA frå 1953 til 1955.[3][4] Han tok doktorgrad i 1965, på avhandlinga The Defences of the Weak: A Sociological Study of a Norwegian Correctional Institution, basert på intervju med fangar på Ila fengsel. Doktoravhandlinga til Mathiesen vart i 2011 kåra av Norsk sosiologforeining, på lista Norsk sosiologisk kanon, som ein av dei 25 viktigaste tekstane for sosiologifaget i Noregs historie.[5] Ved sida av kriminolog Nils Christie, var Mathiesen rekna som ein av dei fremste representantane bak retninga innan kriminalpolitikk som ønskjer å avskaffa straff som verkemiddel.[4] Mathiesen var med å stifta Norsk forening for kriminalreform (KROM), og var formann i denne foreininga frå 1968 til 1973.[6][7]

Frå 1980-åra vart Mathiesen engasjert i spørsmål som handla om massemedium og innverknaden deira på samfunnet.[1][8] Han gjorde òg omfattande forsking om moderne informasjonsteknologi og overvakingssystem. På 1990-talet var han svært aktiv som kritikar av Schengenavtalen.[9] Han var òg engasjert i Treholtsaka 1985-1986 og som motstandar av utbygginga av Alta kraftverk.[10]

Mathiesen skreiv meir enn 30 bøker om samfunnsvitskapelege spørsmål, mellom anna Det uferdige (1971), Makt og medier (1986), Kan fengsel forsvares? (1987) og Silently Silenced (2004).[11] Hans skreiv på bokmål og engelsk, og ei rekkje av bøkene hans er dessutan omsett til fleire språk, mellom anna svensk, dansk, tysk, italiensk og portugisisk. Internasjonalt tilhøyrer The Politics of Abolition (1974) hans mest kjende bøker, som kom ut i ny utgåve hos forlaget Routledge i 2014.[12] Mathiesens bok Kriminalitet, straff og samfunn er også gitt ut på nynorsk (1976).[13]

Mathiesen var gjesteforskar ei rekkje stader, til dømes ved University of California, Santa Barbara (1967), University of California, Berkeley (1975) og ved universiteta i Warsawa og Bremen (1988), dessutan i Latin-Amerika og Afrika.[11]

Mathiesen vart tildelt Zola-prisen (2003)[4] og utnemnd til heidersdoktor ved Lunds universitet (2003).[4]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads