Niuisk

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Niuisk (ko e vagahau Niuē) er eit polynesisk språk, og tilhøyrer den malayopolynesiske gruppa av dei austronesiske språka. Det er nærskyldt med tongansk, og mindre likt andre polynesiske språk som maori, samoansk og hawaiisk.

Niuisk kan òg referera til noko(n) knytt til Niue
Kjappe fakta

Niuisk vert snakka av 2 027 menneske på Niue (nesten heile folkesetnaden) viser tal frå 1998, men språket vert òg snakka på Cookøyane, New Zealand og Tonga, for det meste av utflyttarar frå Niue.[1] Til saman vert språket snakka av omkring 8 000 menneske, altså bur dei fleste talarane på andre stadar enn Niue, der språket er heimehøyrande. Dei fleste innbyggjarane på Niue er tospråklege, med engelsk som det andre språket sitt.

Tidleg på 1990-talet budde 70 prosent av dei som snakka niuisk på New Zealand.

Remove ads

Referansar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads