Polynesiske språk

From Wikipedia, the free encyclopedia

Polynesiske språk
Remove ads

Dei polynesiske språka er ei undergruppe av dei oseaniske språka, ei grein av dei austronesiske språka. Gruppa polynesiske språk omfattar om lag 30 språk med til saman ein million brukarar. Dei fleste brukarane bur i Mikronesia og Melanesia. Dei mest kjende polynesiske språka er tongansk, samoansk, tahitisk, maori og hawaiisk.

Kjappe fakta

Det einaste språket i den polynesiske språkgruppa som har hatt eit eige skriftsystem er rapanui, språket på Påskeøya. Alle levande polynesiske språk vert skrive med det latinske alfabetet.

Språka er kjent for å ha eit svært enkelt lydsystem med mellom åtte og tolv konsonantar og fem vokalar. Fleire konsonantar etter kvarandre vert ikkje brukt. Dette fører til at språka har mange homonym. Grammatikalsk sett er språka analytiske, sidan dei ulike grammatikalske tydingane vert uttrykte ved bruk av partiklar.

Ord som «tabu» og «tatovering» er europeiske låneord frå det polynesiske språket tahitisk.

Remove ads

Polynesisk innanfor austronesisk

Med busetjinga av Polynesia frå det vestlege Stillehavet (frå rundt 300 e.Kr., New Zealand vart busett først 1200 e.Kr.), erobra polynesiarane eit heilt unikt rom for seg sjølv. Det opphavleg einsarta språket til nybyggjarane heldt fram med å utvikla seg på dei ulike øyane og øygruppene. Resultatet vart den nære genetiske eininga av dei polynesiske språka, som trass i dei enorme avstandane mellom øygruppene viser stor likskap. Samanlikna med dei andre austronesiske språka er dei prega av ei omfattande forenkling av fonetikk og syntaks.

Følgjande diagram viser posisjonen til polynesisk i austronesisk. Polynesisk var ei av dei siste gruppene som skilde seg frå dei andre austronesiske språka, som ein kan sjå frå dens avsidesliggjande plassering i det – her noko forenkla – slektstreet. Posisjonen til bantuspråka innanfor Niger-Kongo er samanliknbar.

  • Austronesisk
    • Formosa-språka (ti ulike språkfamiliar, der den ellevte er malayopolynesisk)
    • Malayopolynesisk
      • Vest-malayopolynesisk (med filippinsk, malayisk, javanesisk, sumatrisk, borneo-språk, gassisk etc)
      • Sentral-aust-malayopolynesisk
        • Sentral-malayopolynesisk
        • Aust-malayopolynesisk
          • Sør-Halmahera - vest-Nyguinea - gruppe
          • Oseansk
            • Admiralitetsøyene
            • Vestoseanisk (med Nyguinea-språk, Meso-Melanesisk)
            • Sentral-austoseansk
              • Søraust-Salomon
              • Santa Cruz
              • Vanuatu
              • Nykaledonia
              • Loyalitetsøyene
              • Mikronesisk
              • Sentral-Pasifisk
                • Fiji-Rotuma
                • Polynesisk
Remove ads

Klassifikasjon og einskildspråk

Polynesisk kan bli delt inn i Tonga-Niue-gruppa, Samoa-gruppa og aust-polynesisk. Dei to siste blir også samla under nemninga kjernepolynesisk.

  • Polynesisk
    • Tonga-Niue-gruppa
      • Tongansk (125 000 talarar)
      • Niue (8 000)
    • Kjernepolynesisk
      • Samoa-gruppa
        • Samoansk (430 000)
        • Uvea-aruppa
          • Wallisk (Aust-Uvea) (17 000)
          • Niuafo'ou (700)
        • Ellice-gruppa
          • Tuvaluansk (11.000)
          • Kapingamarangi (3 000), Nuguria (200), Nikumanu (200), Nukuoro (1.000)
          • Ontong Java (2.000), Sikaiana (1 000), Takuu (200)
        • Futuna-gruppa
          • Vestuvea (Faga-Uvea) (2 000)
          • Futunaisk (Aust-Futuna) (8.000), Futuna-Aniwa (600)
          • Emae (200), Mele-Fila (2 000), Pilenia (1 700), Rennell (3 500)
          • Tikopia (3 500), Anuta (400)
        • Tokelauisk (4 000)
        • Pukapuka (2 000) (Cook-øyane)
      • aust-Polynesisk
        • Rapa (500)
        • Marquesas-gruppa
          • Hawaiisk (1 000, andrespråk 8 000, etnisk 240 000)
          • Mangarevansk (2 000)
          • Marquesanisk (5 500) (variantar: Nord, sør)
        • Tahiti-gruppa
          • Tahitisk (125 000)
          • Maori (60 000, etnisk 310 000) (New Zealand)
          • Rarotongesisk (40 000)
          • Tuamotu (14 000), Rakahanga-Manihiki (5 000), Penrhyn (600), Austral (8.000)
        • Rapa nui (2 500)


Tala for talarar er frå Ethnologue 2005 og Ernst Kausen.[1]

Remove ads

Språklege eigenskapar

Typiske er lydsystemer med berre nokre få, men «klare» vokalar og relativt få konsonantar, som dannar stavingar av konsonant-vokal-typen (CV). Med 13 fonem er hawaiisk blant språka med dei minste fonematiske inventara i verda.

Innanfor denne språktypen er det mange forskjellar mellom språka på dei enkelte øygruppene, noko som fleire gonger har ført til forsøk på å gruppera dei polynesiske språka.

Svekkinga av a > e før i, som er produktiv på tongansk, til dømes i fefine "kvinne" (i språket futuna er ordet for kvinne fafine), har ein parallell på mange språk i verda. Også i muna blir a ofte e under påverknad av ein følgjande i, t.d. tehi "hav", på maori tai.

Lydsamsvar

Dei polynesiske språka har fjerna seg frå kvarandre via ulike lydendringar, særleg i konsonantismen. Maori er det mest konservative av språka. Φ står for ein bilabial ustemt f-lyd, som i maori blir skrive med WH. Apostrofteiknet (Okina) står for ustemt glottal lukkelyd. <ng> blir uttalt som i det norske ordet «song», ikkje som i ordet «Ungarn». <w> står for engelsk W.

Polynesiske lydsamanlikningar

Språk KTRHΦWNG
MāoriKTRHWH, HWNG
MarquesasKTRHFVN, K
TahitiʻTRHH, FVʻ
HawaiiʻKLHHWN
CookøyeneKTRʻʻVNG
TongaKT(s)LHFVNG
SamoaʻTLS, FFVNG
TuamotuKTRHF, HVNG
MangarevaKTRHHVNG

Tabell etter Nevermann 1947[2]

Polynesiske ordsamanlikningar

Tabellen viser korleis dei polynesiske språka varierer seg i mellom. Avstanden språka i mellom er omtrent som den mellom tysk og nederlandsk eller den mellom spansk og portugisisk.

Meir informasjon Norsk, Tongansk ...
Remove ads

Kjelder

Litteratur

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads