Nordavind

From Wikipedia, the free encyclopedia

Nordavind
Remove ads

Nordavind er ein vind som kjem frå nord og blæs i ei sørleg retning. Nordavinden har hatt historisk og litterær tyding, sidan det ofte signaliserer kaldt vêr og sesongskifte på den nordlege halvkula. På den sørlege halvkula, særleg i Sør-Australia, er nordavinden ein varm vind som ofte medfører skogbrann.

Thumb
The North Wind (1891) av Frederick McCubbin.

Bora er ein vind med namn etter den greske guden for nordavinden, Boreas, og opptrer i Adriahavet, Hellas, Russland og Tyrkia. Tramontane er eit namn på nordavinden fleire stader i middelhavslanda. Meltemi er ein sterk, tørr nordavind i Egearhavet.

Remove ads

Mytologi

Thumb
Lil'watskulptur av nordavinden.
Remove ads

Fablar og eventyr

  • Ein av dei mest kjende fablane til Æsop er «Nordavinden og sola».
  • Nordavinden spelar ei rolle i det norske folkeeventyret «Østenfor sol og vestenfor måne» som den einaste vinden som kan hjelpa ei kvinne å fly til staden ho kan finna mannen sin.
  • Vinden spelar også ei viktig rolle i «Gutten som gikk til nordavinden og krevde melet igjen». Som erstatning for mjølet han har blåse vekk gjev nordavinden guten ein duk som lagar mat, eit esel som lagar gull og ein stokk som slår på kommando.[5]
Remove ads

Moderne litteratur og film

  • I George MacDonald si barnebok At the Back of the North Wind (Bak Nordavindens rygg, gitt ut som framhaldsforteljing i Good Words for the Young frå 1868 og i bokform i 1871), dukkar tittelfiguren, i form av ei vakker kvinne, opp for ein gut som heiter Diamond og tar han med på ei rad nattlege reiser.
  • I eventyret «The Selfish Giant» (1888) av Oscar Wilde er nordavinden personifisert som ein mann kledd i pels som rasar rundt i hagen og blæs ned skorsteinar.
  • I den andre generasjonen av Pokémon-spelet (fyrst gjeve ut i Japan i 1999, Australia og Nord-Amerika i 2000 og Europa i 2001), blir Suicune sagt å vera inkarnasjonen av nordavindane.
  • I filmen Chocolat driv sjokolademakaren Vianne Rocher (spelt av Juliette Binoche) og dottera hennar Anouk (Victoire Thivisol) rundtom i Europa etter nordavinden.

Sjå også

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads