Norges Turmarsjforbund
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Norges Turmarsjforbund (NTF, tidlegare Norges Folkesportforbund) er eit forbund som har som formål å fremme folkesport i Noreg.[1]
Med folkesport meiner ein sportsarrangement som er opne for alle, av typen turmarsj, vandring, sykkeltur, skiløp og svømming. Arrangementa skal vere utan konkurransemoment, tidtaking og vinnarar. I løpet av året blir det arrangert nesten 3000 ulike arrangement av desse typane.
Forbundet vart skipa 25. januar 1975 under namnet Norges Turmarsjforbund for så å skifte namn til Norges Folkesportforbund. I 2009 tok ein attende det opphavlege namnet.
NTF er medlem av den overordna, internasjonale organisasjonen Internationaler Volkssportverband (IVV). IVV koordinerer samarbeidet mellom dei ulike nasjonale folkesportsforbunda.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads