Notting Hill

From Wikipedia, the free encyclopedia

Notting Hill
Remove ads

Notting Hill er ein stad i London, nær det nordvestlege hjørnet av Hyde Park i bydelen Kensington and Chelsea. Det er i dag kjend som eit fasjonabelt område,[1] med store hus frå viktoriatida og eksklusive butikkar og restaurantar. Samstundes har området ein levande alternativ kultur, som blant anna er synleg i dei mange bruktbutikkane for musikk rundt Notting Hill Gate.

Thumb
Kart over vestlege London frå 1841.
Thumb
Hus i Notting Hill.
Kjappe fakta Land, Region ...

Området blei bygd ut på 1820-talet, og har frå den tid vore knytt til kunstnarar og «alternative» kulturar.[2][3] I tida like etter andre verdskrigen var Notting Hill prega av billige og dårlege bustader, der husa var delte opp i små leilegheiter. Særleg blei Peter Rachman kjend som ein bustadhai i området. Mange karibiske innvandrarar slo seg ned i området på denne tida, og blei utsett for raistiske teddy boy-grupper i Notting Hill-opptøyane i 1958.

Remove ads

Kultur

Den kjende bruktmarknaden Portobello Road Market blir halde kvar søndag i Notting Hill. Dette har blitt ein stor turistattraksjon i London.[4]

Kvart år i august blir Notting Hill Carnival halde i bydelen. Dette er ein stor gatefestival og feiring av afro-karibisk kultur i Storbritannia. Karnevalet blei skipa i 1965.[5] Karnevalet er kjend for opptod med fargerike karnevalsvogner og dansarar.

Notting Hill i kulturen

Området er bakgrunn for romanar som The Napoleon of Notting Hill av G.K. Chesterton, The Hopkins Manuscript av R.C. Sherriff og The Line of Beauty av Alan Hollinghurst. Det blei internasjonalt kjend gjennom filmen Notting Hill med Julia Roberts og Hugh Grant i hovudrollene. Filmen viser mellom anna marknaden i Portobello Road og dei typiske felleshagene på plassane i Notting Hill. Butikken rollefiguren til Hugh Grant arbeider i var ein verkeleg bokhandel i Notting Hill. Andre filmar som har blitt laga her er The Knack …and How to Get It (1965), Performance (1970) med Mick Jagger, Lava (2001) og Paddington (2014).

Remove ads

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads