Oh Mercy
studioalbum av Bob Dylan From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Oh Mercy er det 26. studioalbumet til Bob Dylan og kom ut på Columbia Records, 18. september 1989. Det var produsert av Daniel Lanois og vart hylla som ein triumf for Dylan etter ei rekkje svakare album. Oh Mercy gav Dylan den høgaste plasseringa han hadde på listene på fleire år og nådde 30. plassen i USA og sjetteplass i Storbritannia og Noreg.
Medan han kom seg etter ei handulukke i desember 1987 sat Dylan ved kjøkenbordet ein kveld og skreiv «Political World», den første nye songen hans på lang tid. Han hadde ikkje vore motivert til å skrive songar, men denne songen kom spontant og han skreiv fleire songar i løpet av dei neste dagane. Så snart han var frisk att i handa la han ut på turne og skreiv ikkje fleire songar. Sidan dei førre albuma hadde gått så pass dårleg, var Dylan motvillig til å gå i studio igjen. I 1989 vitja Bono frå U2 Dylan, og Dylan viste han songane han hadde skrive. Bono oppfordra Dylan til å dra i studio og foreslo Daniel Lanois som produsent. Dylan ønskte ikkje å nytte turnebandet sitt i studio, så Lanois henta inn fleire lokale musikarar i New Orleans, der albumet vart spelt inn.
Remove ads
Mottaking
Etter dei skuffande salstala for Knocked Out Loaded og Down in the Groove, vart Oh Mercy hylla som eit comeback. Kritikarane stemnde albumet fram på 15. plassen på Pazz & Jop-lista til The Village Voice i 1989 over dei beste albuma det året. Same året vart Oh Mercy rangert på 44. plassen på lista til Rolling Stone over dei 100 beste abuma i 1980-åra.[6]
I 2006 plasserte musikkmagasinet Q albumet på 33. plassen på lista si over dei 40 beste albuma i 1980-åra.[7] Same året vart «Political World» nytta i filmen Man of the Year.
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Bob Dylan
Remove ads
Medverkande
- Bob Dylan – vokal, gitar, piano, munnspel, 12-strengsgitar, Hammondorgel
Andre medverkande:
- Malcolm Burn – tamburin, klaverinstrument på «Everything Is Broken», «Ring Them Bells», «Man in the Long Black Coat», «Most of the Time», «What Good Am I?», «What Was It You Wanted»
- Rockin' Dopsie – trekkspel på «Where Teardrops Fall»
- Willie Green – trommer på «Political World», «Everything Is Broken», «Most of the Time», «Disease of Conceit», «What Was It You Wanted» og «Shooting Star»
- Tony Hall – bassgitar på «Political World», «Everything Is Broken», «Most of the Time», «Disease of Conceit» og «Shooting Star»
- John Hart – saksofon på «Where Teardrops Fall»
- Daryl Johnson – perkusjon på «Everything Is Broken»
- Larry Jolivet – bassgitar på «Where Teardrops Fall»
- Daniel Lanois – produsent, miksing, dobro, lapsteelgitar, gitar, omnichord, bassgitar (spelte på alle songar utanom «Disease of Conceit»)
- Cyril Neville – perkusjon på «Political World», «Most of the Time» og «What Was It You Wanted»
- Alton Rubin jr. – vaskebrett på «Where Teardrops Fall»
- Mason Ruffner – gitar på «Political World», «Disease of Conceit» og «What Was It You Wanted»
- Brian Stoltz – gitar på «Political World», «Everything Is Broken», «Disease of Conceit» og «Shooting Star»
- Paul Synegal – gitar på «Where Teardrops Fall»
Produksjon:
- Malcolm Burn – innspeling, miksing
- Greg Calbi – mastering
- Mark Howard – miksing, studioinstallasjon
Salstrofé
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads