Oh No Not My Baby
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Oh No Not My Baby» er ein song skriven av Gerry Goffin og Carole King.[1] Teksten skildrar korleis vener og familie igjen og igjen åtvarar songaren om at partnaren til songaren er utru.
Remove ads
Historie
Den første utgåva av «Oh No Not My Baby» vart gjeven ut av Maxine Brown, og ifølgje ho hadde songen først vore spelt inn av The Shirelles, men ikkje gjeve ut. Songen kom ut i september 1964 og låg sju veker inne på topp 40 på Billboard Hot 100 i desember 1964 - januar 1965 og nådde 24. plassen.[2] Songen vart sidan gjeven ut på det andre studioalbumet hennar, Spotlight on Maxine Brown, gjeve ut i 1965.
Remove ads
Rod Stewart-versjonen
I 1973 gav Rod Stewart (i lag med Faces-bandmedlemmane Ron Wood, Kenny Jones og Ian McLagan) ut «Oh No Not My Baby». Han produserte versjonen sjølv og gav han ut på singel. Denne nådde sjetteplassen på den britiske singellista i september 1973 og sidan 59. plassen på både den amerikanske[3] og kanadiske singellista før året var omme. B-sida, tilskriven Faces, var «Jodie» skriven av Ron Wood, Rod Stewart og Ian McLagan.
Remove ads
Cher-versjonen
I desember 1992 gav Cher ut «Oh No Not My Baby» som oppfølgjaren til den internasjonale hitten hennar «The Shoop Shoop Song (It's in His Kiss)» og produsert av Peter Asher. Songen vart ein moderat internasjonal hit tidleg i 1993. AllMusic-redaktøren J.F. Promis kalla versjonen hennar «dristig.»[4]
Innhald
- Europeisk 7"- og kassettsingel
- «Oh No Not My Baby» – 3:09
- «Love Hurts» – 4:19
- Europeisk 12"- og CD-singel
- «Oh No Not My Baby» – 3:09
- «Love on a Rooftop» – 4:22
- «Love Hurts» – 4:19
- «Main Man» – 3:48
Salslister
Andre coverversjonar
- Songen vart spelt av Manfred Mann som med sin versjon av The Shirelles sin «Sha La La» hadde delt amerikanske topp 40 med Brown sin «Oh No Not My Baby» - og versjonen i den gruppa av «Oh No Not My Baby», gjeve ut 9 april 1965, nådde 11. plassen i Storbritannia.[15] Manfred Mann sin «Oh No Not My Baby» vart ikkje gjeve ut på singel i USA, men den kanadiske utgåva klarte ikkje å gå inn på lista der. I Australia nådde songen 67. plassen.
- Dusty Springfield spelte han inn for hennar andre album, Ev'rything's Coming Up Dusty i 1965.
- Merry Clayton spelte inn «Oh No Not My Baby» i 1972 med Carole King på piano; produsert av Lou Adler. Denne nådde Billboard Hot 100 på 72. plassen og 61. plassen på Cash Box Top 100 Singles-lista. Han nådde òg 30. plassen på Billboard Best Selling Soul Singles-lista. Trass i ei moderat plassering på listene, vart Clayton sin versjon nominert til Grammyprisen for beste kvinnelege R&B-vokalprestasjon for året 1972.[16]
- De Blanc hadde ein mindre R&B-hit (70. plassen) med «Oh No Not My Baby» i 1976.
- Linda Ronstadt spelte inn «Oh No Not My Baby» for sitt Winter Light-album frå 1993. Sporet nådde 35. plassen på Billboard si Hot Adult Contemporary Tracks i 1994. I Canada nådde songen 33. plassen[17] og 29. plassen på AC-listene.[18]
- The Partridge Family spelte inn «Oh No Not My Baby» for albumet deira Bulletin Board frå 1973.
Remove ads
Samplingar
- Riffet i starten på Maxine Brown sin versjon vart nytta av Gabriella Cilmi på singelen hennar «Sanctuary».
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads