Ojibwe

From Wikipedia, the free encyclopedia

Ojibwe
Remove ads

Ojibwe er eit algonkinsk språk som blir snakka i dei nordlege delane av USA og i sørvestre Canada. Ojibwe blir snakka av litt over 50 000 (av 200 000 ojibwefolk), og det er dermed eit av dei største indianarspråka i USA.

Thumb
Fordeling av ojibwe-talarar; kart frå 2007
Kjappe fakta
Remove ads

Skriftspråk

Ojibwe blir skrive med fleire ulike ortografiar og skriftsystem. Det vanlegaste skriftsystemet er basert på det latinske alfabetet, og markerer lange vokalar med å skrive doble vokalsymbol, slik det også blir gjort i finsk. Dette systemet blir kalla Fiero-systemet, etter Charles Fiero, men opphavet til systemet ligg i Leonard Bloomfield sine publikasjonar, t.d. Eastern Ojibwa. Eit anna latinsk-basert system er saulteaux-cree-systemet. Her er vokallengde markert med makron (ã) eller cirkumfleks (â).

I Canada, særleg i Ontario og Manitoba, blir austleg ojibwe skrive med ein ojibwe-versjon av det kanadiske stavingsalfabetet.

Thumb
Ojibwe-stavingsalfabet
Remove ads

Grammatikk

Fonologi

Ojibwe har tre korte og fire lange vokalar. Dei korte vokalane er [ɪ o ə] og dei tilsvarande lange er [iː oː aː], i tillegg er det ein lang vokal som ikkje har kort parallell, [eː].

Ojibwe har 17 eller 18 konsonantar.

  • Lukkelydar: p, b, t, d, tʃ, dʒ, k, g, ʔ
  • Frikativar: 's, z, ʃ, ʒ, h
  • Nasalar og approksimantar: m, n, j, w

Kontrasten mellom lukkelydane er i fleire dialektar meir ein opposisjon aspirert - uaspirert (pʰ / p) enn stemt - ustemt.

Ojibwe har få konsonantgrupper, og dei fleste av dei er ordinternt.

Remove ads

Morfologi

Substantiv i ojibwe er delt i to grupper, animate og inanimate.

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads