Okeanider

From Wikipedia, the free encyclopedia

Okeanider
Remove ads

Okeanider (Okeanos-døtrene) er ei gruppe hav- eller vassnymfer i gresk mytologi. Dei er døtrer av titanane Okeanos, ei lekamleggjering av urstraumen som omsluttar verda, og Tethys, opphavet til ferskvatn.

Thumb
Okeanida Doris på ein hippokampos. Relieff frå 100-talet f.Kr.
Thumb
Evrynome avbilda til venstre på ein vase frå ca. 400 f.Kr.
Thumb
Okeanider måla av Gustave Doré på 1860-talet.

Okeanidene er ein type undriner - kvinnelege, menneskeforma vesen som lever i hav og vatn. Ifølgje Hesiod finst det 3000 av dei, og dei finst over heile verda og i havdjupnene.[1] Andre opprekningar gjev lågare tal; Hyginus nemner til dømes berre 17.[2] Brørne deira er også mange i talet og er vernegudar for elver.

Mange av okeanidene er knytt til havguden Poseidon. Det blir fortald at på dagar med solskin kunne ein få glimt av okeanider på havflata. Dei køyrde i skumsprutande vogner trekte av hippokamposar og pynta med blomar og kransar.

Det var vanleg for sjøfolk å tilbe okeanider med offer for å verna seg mot uvêr og ulukke på havet. Argonautane ofra mjøl, olje, honning og okser til dei før dei la ut på ferda si for å henta det gylne skinnet.

Remove ads

Okeanider i nyare tid

Den finske komponisten Jean Sibelius skreiv eit orkesterverk kalla Aallottaret (Okeanidene) i 1914.[3]

Enkeltokeanider

  • Amfitrite, kona til Poseidon, blir nemnd anten som ei okeanide eller ei nereide.
  • Asia, kona til Iapetos og mor til Atlas, Promethevs, Epimethevs og Menoitios.
  • Doris, gudinne for rikdommen frå havet
  • Evrynome, ei elvegudinne og tredje kona til Zevs
  • Kalypso, som er kjend frå Odysseen
  • Klymene, kona til Iapetos
  • Metis, ei visdomsgudinne og den første kona til Zevs
  • Nemesis
  • Pleione, mor til Pleiadane
  • Rhode, Rhodea eller Rhodia, gudinne for Rhodos
  • Telesto, ei havgudinne som lekamleggjorde gudesigning og suksess
  • Tyche, ei lukkegudinne
  • Styx, knytt til elva i underverda
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads