One Night

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«One Night» er ein song skriven av Dave Bartholomew og Pearl King. Han vart ein R&B-hit for Smiley Lewis i 1956, før han vart gjeven ut med større kommersiell suksess av Elvis Presley i 1959.[2]

Meir informasjon A-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Smiley Lewis

Originalinnspelinga av songen av Smiley Lewis, for Imperial Records, vert stundom kalla «One Night of Sin», etter ei linje i originalteksten. Singelen nådde 11. plassen på Billboard R&B-lista tidleg i 1956.[3]

Elvis Presley

Presley spelte inn ein versjon av songen med originalteksten den 18. januar 1957, men denne versjonen kom først ut i 1983. Både manageren til Elvis og plateselskapet hans hadde reservasjonar mot den «tvilsame» teksten. Elvis ønskte ikkje å gje opp songen, så han fortsette å spele han då han hadde ledig tid under innspelinga av Loving You, og skreiv til slutt om tekstlinja «One night of sin is what I'm now paying for» til «One night with you is what I'm now praying for.» Presley-innspelinga har Anita Steinman som ekstra medlåtskrivar, i tillegg til Bartholomew og King.

Den 23. februar 1957 i Radio Recorders i Los Angeles viste han den nye teksten og følte seg sikker på at han kom til å bli godkjend av plateselskapet.[4][5] Han vart gjeven ut på singel i oktober 1958 og nådde fjerdeplassen på Billboard-lista. Songen vart publisert av Elvis Presley Music.

Presley-innspelinga vart gjeven ut som ei dobbel A-side med «I Got Stung», og nådde toppen av den brritiske singellista to gonger.[6] I USA nådde «One Night» fjerdeplassen på poplista og tiandeplassen på R&B-lista.[7] Songen vart den 1000. singelen som nådde toppen av den britiske singellista då han kom ut for andre gongen i januar 2005. Det var òg den siste singelen hans som kom ut på 78 RPM-plate i USA.[8] Den 12 februar 1959 vart songen den første som nådde toppen av den irske singellista, som vart trykt for første gongen i Evening Herald. Han låg ei veke på toppen av denne lista.

Rockejournalisten Pete Johnson observerte at songen inneheld ei tredobbel nekting med tekst «I ain't never did no wrong».[2]

Remove ads

Andre versjonar

  • 1975: Det engelske glamrockbandet Mud på albumet deira Mud Rock Volume 2 (nådde 32. plassen i Storbritannia)
  • 1989: Joe Cocker kalla songen «One Night of Sin» på albumet med same namn
  • 1961: Fats Domino på albumet hans Let the Four Winds Blow
  • 2006: Billy Ray Cyrus spelte inn songen under innpelinga for Wanna Be Your Joe
  • 2007: Corinne Bailey Rae spelte songen på Goin' Home: A Tribute to Fats Domino

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads