Loving You av Elvis Presley
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Loving You er det tredje studioalbumet til Elvis Presley, gjeve ut på RCA Victor Records i mono, LPM 1515, i juli 1957. Plateinnspelinga fann stad 15. til 18. januar 1957 i Paramount Pictures Scoring Stage, og 12., 13. og 19. januar og 23. og 24. februar 1957 i Radio Recorders i Hollywood.[4] Dette var dei første innspelingane der Steve Sholes stod offisielt oppført som produsent. Albumet låg ti veker på toppen av Billboard Top Pop Albums-lista. Det hadde seld til gullplate 9. april 1968 hos Recording Industry Association of America.[5]
Remove ads
Innhald
Albumet inneheld sju songar som vart skrivne for filmen Loving You frå låtskrivarar som hadde kontrakt med Elvis Presley Music og Gladys Music, forlaga som Presley og manageren hans, Colonel Tom Parker, eigde.[6] Ein åttande song som var skriven for filmen, men ikkje brukt, «Don't Leave Me Now», var med på albumet, og ei ny innspeling var med i den nesten filmen hans, Jailhouse Rock.
Albumet inneheld begge sidene av singeleln frå filmen, hitten «(Let Me Be Your) Teddy Bear» med B-sida som var tittelsporet til filmen, «Loving You».[7] Produsenten Hal B. Wallis likte «Teddy Bear» så godt at han insisterte på å songen i filmen.[8] Det vart lagt til songar for å auke lengda på albumet, som swing-favoritten «Blueberry Hill», som hadde vore ein stor hit for Fats Domino i 1956. «Have I Told You Lately That I Love You?» hadde tidlegare blitt spelt av Sons of the Pioneers og Bing Crosby med The Andrews Sisters. Cole Porter sin «True Love», skriven for musikalfilmen High Society i 1956, vart teken med anten for å ha med ein enkel, romantisk song, eller for å gje Presley og The Jordanaires ein song der dei kunne syngje tette harmoniar. Praksisen til RCA med å ta songar spelte inn for filmar og legge til nokre ekstra songar for å fylle ut albumet vart vanleg for Presley utover i 1960-åra.
RCA gav ut albumet på CD i 1988. Albumet vart gjeve ut på ny med åtte bonusspor i 1997. Alle songane var frå den same innspelinga, med tre alternative versjonar og resten frå EP-en Just For You og tre singelsider, inkludert «Tell Me Why» som vart gjeven ut først ni år seinare. Her var og ei nyinnspeling av Sun-innspelinga «When It Rains, It Really Pours», som òg vart gjeven ut i 1965 på albumet Elvis for Everyone. Den 11. januar 2005 gav Sony BMG ut albumet ijen med remastra lyd ved hjelp av DSD-teknologi med seksbonusspor. I 2006 følgde nok ei utgåve i form av ei dobbeltplate på Follow That Dream med mange bonusspor og alternative opptak.
Remove ads
Medverkande
- Elvis Presley – vokal, akustisk gitar
- Scotty Moore – elektrisk gitar
- Tiny Timbrell – akustisk gitar
- Dudley Brooks – piano
- Gordon Stoker – piano
- Hoyt Hawkins – piano, orgel
- Bill Black – kontrabass
- D.J. Fontana – trommer
- The Jordanaires – korvokal
- George Fields – munnspel
Innhald
Originalutgåve
«Teddy Bear» og «Loving You» vart gjevne ut som singlar og nådde høvesvis førsteplassen og 20. plassen på Billboard-lista.[9]
Bonusspor på 1997- og 2005-utgåva
Loving You vart gjeven ut på Cd med dei originale 12 songane og fleire bonusspor:
Follow That Dream-utgåva frå 2006
- Plate 1
- Disk 2
14. februar-innspelinga
1-12. «Loving You» (HZ alle mono-versjonar)
13-34. «Loving You» (KX alle mono-versjonar)
35-50. «Loving You» (KX opptak 1-15 stereoversjonar)
Remove ads
Salstrofé
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads