One-Trick Pony av Paul Simon
studioalbum av Paul Simon From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
One-Trick Pony er det femte albumet til Paul Simon og det kom ut i 1980. Albumet vart gjeven ut samstundes med filmen med same namn, der Simon òg hadde ei rolle. Trass i likskapen er ikkje versjonane av songane som vart nytta i filmen dei same som kom med på albumet. I tillegg finst det songar som berre vart nytta i filmen og songar på albumet som ikkje var med i filmen. Albumet er mest kjend for songen «Late in the Evening» som vart ein hit for Simon i 1980, då han gjekk opp til sjetteplassen på den amerikanske singellista. To av songane (tittelsongen og «Ace in the Hole») var konsertopptak frå Agora Theatre and Ballroom i Cleveland i Ohio i september 1979. Resten er spelte inn i studio.
Simon hadde med seg fleire studiomusikarar av øvste klasse, mellom anna Eric Gale på sologitar, Richard Tee på piano, Tony Levin på bass og Steve Gadd på trommer.
Albumet nådde 12. plass i USA, men i Noreg gjekk det heilt opp til andreplass.
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Paul Simon
Medverkande
- Paul Simon – vokal, gitar, perkusjon
- John Tropea – akustisk gitar
- Patti Austin – vokal
- Joe Beck – elektrisk gitar
- Michael Brecker – saksofon
- Hiram Bullock – elektrisk gitar
- Jon Faddis – valthorn
- Don Grolnick – synthesizer
- David Sanborn – saksofon
- Marvin Stamm – trompet
- Ralph MacDonald – perkusjon
- Randy Brecker – trompet
- Dave Grusin – horn- & strykearrangements
- Gordon Edwards – bass
- Steve Gadd – trommer, perkusjon
- Eric Gale – gitar
- Lani Groves – korvokal
- Anthony Jackson – bass
- Tony Levin – bass
- Irwin "Marky" Markowitz – trompet
- Hugh McCracken – akustisk gitar
- Jeff Mironov – elektrisk gitar
- Richard Tee – piano, tamburin, korvokal
- Bob Friedman – horn- & strykearrangements
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «One-Trick Pony (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 5. november 2010.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads