Ophrys sphegodes

planteart From Wikipedia, the free encyclopedia

Ophrys sphegodes
Remove ads

Ophrys sphegodes er ei plante i flugeblomslekta Ophrys i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae. Ho veks ikkje i Noreg.

Ophrys sphegodes

Status i verda: LC Livskraftig Thumb

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt:Ophrys
Art: O. sphegodes
Vitskapleg namn
Ophrys sphegodes
Økologi
Habitat: kalkrik eng
Utbreiing: Europa, vestlege Asia
Remove ads

Utbreiing

O. sphegodes (engelsk namn early spider orchid) lever på Dei britiske øyane i dei søraustlege delane av England.[1] I den britiske raudlista har arten status som livskraftig (LC),[2] til liks med lokalt i England.[3] I Wales er han rekna som regionalt utdøydd (RE).[4]

I Benelux har arten (nederlandsk namn spinnenorchis, fransk namn ophrys araignée) i Nederland berre vore registrert med få, kortlevde einskildfunn. I Belgia er han ikkje etablert i Flandern, og i Vallonia har han berre ein kjend vekseplass i Ardennane.[5][6] Arten er ikkje teken med på den nederlandske raudlista. I Belgia er han rekna som regionalt utdøydd (RE, regionaal uitgestorven) i Flandern og kritisk truga (CR, menacé d'extinction) i Vallonia.[7][8] I Luxembourg er han rekna som kritisk truga (CR).[9]

Remove ads

Hybridar

I England er det påvist at Ophrys sphegodes kan danne hybridar med flugeblom (Ophrys insectifera × sphegodes, òg kalla Ophrys ×hybrida)[10][11] og med Ophrys fuciflora (Ophrys fuciflora × sphegodes eller Ophrys ×arachnitiformis).[12] Båe er registrerte i Kent.[1]

Referansar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads