Out of Reach
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Out of Reach er det tiande studioalbumet av det tyske krautrockbandet Can, som kom ut i 1978 på Harvest Records.[1]
Remove ads
Bakgrunn
Det førre albumet til bandet, Saw Delight, var det første med dei to tidlegare Traffic-medlemmane Rosko Gee og Rebop Kwaku Baah. Dette gjorde at bassist og produsent Holger Czukay gjekk bort frå å spele bass og i staden laga elektroniske lydar[4] sidan Gee tok over på bass. Czukay slutta i bandet under innspelinga av det som vart Out of Reach.[1]
Stil
Delvis som følgje av at Czukay slutta, er dei nye medlemmane sagt å dominere stilen på dette albumet (eller «innførte ein for streng rytmesans på Can sin ein gong så frittflytande musikk», i følgje ein intervjuar[5]). Rytmane til den kritikarroste trommeslagaren Jaki Liebezeit er i stor grad redusert i høve til perkusjonen til Baah.[1] Dei sterke gitarsoloane på albumet av Michael Karoli er derimot ei lenkej til eldre Can, og har vorte samanlikna med Carlos Santana[6] og Eric Clapton.[2] Gee har blitt rost for å ha skapt ein jazzstil,[1] men samstundes har Out of Reach blitt kritisert for å utforske disco.[6]
Remove ads
Musikk
Rosko Gee syng vokal på «Pauper's Daughter and I» (og siterer barnerimet i «Jack and Jill») og «Give Me No 'Roses'», og er tilskriven for å ha skrive desse to songane,[1] men i eit intervju frå 1997 med bandet i magasinet Mojo, var denne mangelen på samarbeid i bandet eit teikn på at det var i ferd med å gå i oppløysing.[5] Rebop syng på songen «Like INOBE GOD», som vert skydd på grunn av kjensla av 'ethno-disco',[2] og har vorte kalla den verste songen Can spelte inn.[1]
Dei fire andre songane («Serpentine», «November», «Seven Days Awake» og «One More Day») er instrumentale. Særleg «November» har vorte hylla for den glimrande gitarspelinga,[2] medan andre, som «One More Day», er rekna som svak og uinspirert.[2]
Nyutgjevingar
Out of Reach vart gjeve ut i lag med albumet Can frå 1979 (som òg vert kalla Inner Space etter studioet til bandet).[7] Det finst fleire utgåver av albumet på CD, som utgåva av Out of Reach (utan Can) på MagMid (TKO Magnum Music) i Storbritannia, men er langt vanskelegare å få tak i enn dei andre Can-albuma.[1] Sidan albumet er det einaste Can-albumet utan innspel frå Holger Czukay (sidan oppfølgjaren Can har noko klipping av Czukay[8]), har bandet nekta å vedkjenne seg albumet dei siste åra og er ikkje ført opp blant dei offisielle Can-albuma på den offisielle nettsida deira,[9] og vart ikkje nymastra på CD i 1990-åra, og heller ikkje gjeve ut på Super Audio CD i 2000-åra, som dei andre Can-albuma vart.[10]
Remove ads
Innhald
Medverkande
- Rebop Kwaku Baah: Vokal, polymoog synth, perkusjon
- Michael Karoli: Gitarar, fiolin
- Irmin Schmidt: Klaverinstrument
- Rosko Gee: Bass, piano, vokal
- Jaki Liebezeit: Trommer
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads