Outsideinside

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Outsideinside er det andre studioalbumet til den USA-amerikanske powertrioen Blue Cheer. Philips Records gav ut albumet i august 1968, berre sju månader etter debutplata deira, Vincebus Eruptum.[1]

Meir informasjon Blue Cheer-kronologi, Singlar frå ...

Albumet vart spelt inn både utandørs og innandørs - derav tittelen på albumet.[1] Låtane inneheld bidrag frå alle medlemmene, og dessutan to coverlåtar: «Satisfaction» av The Rolling Stones og «The Hunter» av Albert King.[2] Albumet vart gitt ut på CD i 1999 av det italienske selskapet Akarma Records. Denne inneheld ein ekstra låt frå dei opphavlege innspelingane, med tittelen «Fortunes», som eit bonusspor.

Outsideinside nådde 90. plassen på albumlista Billboard 200. «Just a Little Bit» var den første singelen frå albumet; han nådde 92. plassen på singellista Billboard Hot 100.

Remove ads

Bakgrunn

Outsideinside vart produsert av Abe «Voco» Kesh og delvis lydsett av Eddie Kramer, som hadde jobba med The Jimi Hendrix Experience og The Rolling Stones (og seinare lydsett utgivingar av mellom anna Led Zeppelin og Kiss). Nokre av låtane vart spelt inn både utandørs og i studio.

Omslagsmåleriet til albumet er måla av «Arab», og vart designa av Gut Turk, ein tidlegare Hells Angel. Fotografia til albumet vart tekne av den kjende rockefotografen Jim Marshall. Outsideinside var den siste plata med den opphavlege Blue Cheer-besetninga; gitaristen Leigh Stephens forlét bandet etter at albumet vart gitt ut.

Remove ads

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

I ei retrospektiv melding for AllMusic kommenterte Mark Deming:

« Outsideinside fangar den psykedeliske sida av den musikalske personlegdomen deira med større klårheit enn den sløve tilnærminga til debuten. Outsideinside let ikkje så mykje trippy som rettskaffent surrete, og det fartsfylte brølet i denne musikken er stort nok til at segna om at delar av denne plata var så høglytt at dei måtte spelte det inn utandørs, ikkje berre verkar plausibel, men heilt rimeleg.[1]  »

I ei melding av to-for-éin nyutgivinga av albumet (saman med Vincebus Eruptum) skreiv Pitchfork-skribenten Alexander Lloyd Linhardt: «Outsideinside konverterer den stilistiske entusiasmen og lêraktige haldninga deira til strukturert song. Viss plata ikkje høyrest like innverknadsrik ut som den kataklysmiske galskapen på Vincebus, er det fordi ho definerer 'klassisk' rock.»[2] Den kanadiske journalisten Martin Popoff lovprisa albumet der bandet «pre-disponerer Purple, dunkar Hendrix i trynet, og generelt hamrar psykedelia ned i jorda» og konkluderte med at «Etter dei fleste definisjonar er ikkje dette heavy metal, men etter dei fleste målestokkar trampar Blue Cheer over Zep I og II.».[3]

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Innspelingsstader

«Outside-innspelingane»

  • Gate Five, Sausalito, California
  • Muir Beach, California
  • Pier 57, New York City

«Inside-innspelingane»

  • A&R Studio, New York City
  • Olmstead Studios, New York City
  • Record Plant, New York City
  • Pacific Recorders, San Mateo, California

Medverkande

Blue Cheer
Gjestemusikar
Produksjon
  • Abe «Voco» Kesh  produsent
  • Hank McGill, Jay Snyder, Tony May, Eddie Kramer  lydteknikarar

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads