Vincebus Eruptum
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Vincebus Eruptum er debutalbumet til det amerikanske rockebandet Blue Cheer. Det kom ut 16. januar 1968[1][2][3] med ein tung, tornande blues-stil, som seinare skulle bli kjent som heavy metal.
Vincebus Eruptum vart ein kommersiell og kritisk suksess og nådde 11. plassen på albumlista Billboard 200, og nådde 14. plassen med ein coverversjon av Eddie Cochran-songen «Summertime Blues». Som eit døme på hardrock[4] er det òg hylla som eit av dei første heavy metal-albuma. Magasinet Spin magazine plasserte det som nummer 22 på lista si over dei 40 beste metalalbuma.[5][6][7]
Remove ads
Bakgrunn og historie
Debutalbumet til Blue Cheer vart spelt inn i 1967 i Amigo Studios i North Hollywood i California.[8] I eit intervju forklarte frontfigur Dickie Peterson at «Nokre av låtane eg har skrive, har det teke 20 år å fullføra. Og så er det andre låtar som 'Doctor Please' eller 'Out of Focus' som eg skreiv på ti minutt.»[9]
Spesielt om «Doctor Please» forklarte Peterson at «då eg skreiv songen (i 1967), var han ei glorifisering av narkotika. Eg tenkte mykje på om eg skulle ta dette stoffet eller ikkje ta dette stoffet. Bla, bla, bla, bla. Det var mykje sjølvransaking på den tida då eg skreiv den songen, og eg bestemde meg faktisk for å ta det. Det var det songen handla om, og det var det eg song om, ein slags narkotikahymne for meg.»[9] Om coverversjonen deira av Eddie Cochran sin «Summartime Blues» sa Peterson: «Me endra heile tida på han og la til og tok bort bitar. Det har òg å gjera med store dosar LSD.»[10]
Remove ads
Mottaking
Debutalbumet til Blue Cheer har vorte høgt verdsette av kritikarane. Mark Deming, som skreiv for musikknettstaden AllMusic, skildra Vincebus Eruptum som «ei strålande feiring av rock & roll-primitivisme køyrt gjennom nok Marshall-forsterkarar til å gjera ein hær øyredøyvande», og hylla «lyden og raseriet» til bandet som ein av grunnleggjarane av heavy metal.[11] Pitchfork-meldaren Alexander Linhardt gav albumet ni av maksimalt ti poeng, og noterte at albumet var mindre strukturert enn etterfølgjaren Outsideinside. [13] Det har òg av Billboard vorte skildra som «innomgrepet av psykedelisk rock»,[15] medan VH1 kalla det eit «acid rock-meisterverk».[16] Martin Popoff var mindre begeistra i meldinga si og kalla musikken «derivativ» og «svarer til nærare syrevaska, høglydte og slurvete attgjevingar av 60-talsrock» enn heavy metal, og dømde albumet til å vera «eit hylande rot».[12]
Den nettbaserte musikktenesta Rhapsody inkluderte Vincebus Eruptum på lista si over «10 Essential Proto-Metal Albums», og meinte at bandet «ikkje berre inspirerte omgrepet 'power trio', dei oppfann praktisk talt heavy metal.»[17] I 1998 inkluderte The Wire Vincebus Eruptum på lista si over «100 plater som sette verda i brann (medan ingen høyrte etter)», og kalla det eit «banebrytande» album som «snerra rabiat i møte med uskulda til hippiane og snart vart ein Hells Angels-partystompar». Dei noterer òg den sterke innverknaden albumet hadde på japanske støy-trioar på 1990-talet som High Rise og Musica Transonic.[18]
Remove ads
Innhald
Medverkande
Blue Cheer
Andre medverkande
- Abe «Voco» Kesh – produsent
- John MacQuarrie – lydteknikar
- John Van Hamersveld – fotografi
Ommastra versjon
- Bill Levenson – produsent
- Ellen Fitton – ommastring
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads