Papiljott
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Papiljott (frå fransk papillote, av papillon, 'sommarfugl') er ein rull av papir, skinn, gummi, plast eller metall som ein kan rulla hårlokkar omkring for å gjera det krøllete. Ordet kan også visa til krøller laga på dette viset.
- For steikemetoden, sjå en papillote.

Papiljottering tek lang tid i høve til krølltong, men er meir skånsamt for håret.[1] Det kan også gje meir fylde enn anna type krølling.[2]
Ein kan bruka papiljottar over natta eller gjennom dagen før ein tek dei ut. Det kan vera stor skilnad på om det er akseptabelt å visa seg ute med papiljottar i håret eller ikkje.[2]
- Mann med papiljottar i eit måleri av Pavel Fjedotov frå 1800-talet.
- Engelsk jente arrestert for tjuveri i 1903, med papiljottar i håret.
- Tysk kvinne med papiljottar hjå frisøren i 1952.
- USA-amerikansk kvinne utanfor huset sitt med papiljottar i håret i 1974.
- Ungjenter med papiljottar i Den dominikanske republikken.Foto: Adam Jones, 2004
- Kvinne tek selfie med papiljottar i 2006.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads