Pasjonsblomslekta

planteslekt From Wikipedia, the free encyclopedia

Pasjonsblomslekta
Remove ads

Pasjonsblomslekta (Passiflora) er ei slekt av rundt 550 artar av dekkfrøplantar. Dette er typeslekta i pasjonsblomefamilien.

Kjappe fakta

Artar i denne slekta blir dyrka for fine blomar, smakfulle frukter, tradisjonelle medisinsk bruksområde og rolle i kosttilskot og analogar til ayahuasca. Fleire ornamentale hybridar har vunne prisar frå Royal Horticultural Society.

Remove ads

Skildring

Dei fleste artane slyngplantar, men nokre kan bli buskar eller tre. Dei kan ha treaktig eller urteaktig vekst.[1]

Pasjonsblomslekta produserer regelmessige og vanlegvis praktfulle blomar med ei særprega krone. Denne kan ha så mange som åtte konsentriske seriar, som hjå P. xiikzodz[1] og Passiflora alata. Kjenneteiknet til blomar i slekta er androgynoforen, eit skaft danna av blomsterbotnen ber både mjølberarar og griflar. Skaftet kan vera svært langt hjå nokre artar, som Passiflora coactilis. Blomen er femdelt (bortsett frå nokre få arter i Søraust-Asia) og mognar til ei bærfrukt med mange frø.

Fruktene kan vera 5-20 centimeter lange og 2,5-5 cm tjukke, avhengig av arten eller kultivaren.

Remove ads

Utbreiing

Passiflora har stort sett neotropisk utbreiing, i motsetning til andre slekter i familien Passifloraceae, som omfattar fleire artar i den gamle verda (som Adenia). Størsteparten av artane i Passiflora finst i Mexico, Mellom-Amerika, USA og Sør-Amerika, sjølv om det også finst fleire representantar i Søraust-Asia og Oseania.[2] Det blir framleis identifisert nye artar, til dømes har P. xishuangbannaensis og P. pardifolia berre vore kjende for vitskapen frå 2005 og 2006.

Nokre artar av Passiflora har blitt naturalisert langt utover dei opphavlege leveområda sine. Til dømes veks blå pasjonsblom (P. caerulea ) no vilt i Spania.[3] Pasjonsfrukt (P. edulis ) og den gule slektningen flavicarpa er blitt innførte til mange tropiske regionar som kommersielle avlingar.

Remove ads

Økologi

Pollinatorar av Passiflora er mellom anna humler, bier som Xylocopa sonorina, vespar, flaggermus og kolibriar (særleg eremittar som Phaethornis); nokre artar kan også danna frukter gjennom sjølvpollinering. Pasjonsblomar har ofte utvikla seg for spesifikke pollinatorar, og det finst fleire døme på koevolusjon i slekta. Sverdkolibri (Ensifera ensifera) med sitt svært lange nebb er eit døme på dette. Denne kolibrien er den einaste pollinatoren til 37 pasjonsblomartar i superseksjonen Tacsonia i høge Andes.[4]

Blada blir etne av larvane til fleire sommarfuglartar. Artar i tribusen Heliconiini er særleg kjende for dette. Dei mange forsvarsmetodane i pasjonsblomslektao omfattar ulike lauvformer, farga klumpar (som liknar sommarfuglegg og kan avskrekka Heliconia-artar frå å leggja egg på blad som allereie ser fulle ut), nektarkjertlar utanfor blomane, trikome-utvekstar, variegering og kjemisk forsvar.[5] Desse tiplassingane, i lag med dei tilsvarande hjå sommarfuglar, bidrog til utviklinga av teorien om koevolusjon.[6][7]

Passiflora foetida har omforma blad dekte av hår som utsondrar ei klissete væske. Mange små insekt sit fast i desse og blir fordøydde til ei næringsrik smørje av proteasar og sure fosfatasar. Sidan insekta som blir drepne vanlegvis ikkje gjer større skade på planten, verker det som om denne planten nær å vera ein kjøtetande plante.[8]

I kulturen

Thumb
Blå pasjonsblom (P. caerulea) som har fleire element som kan knyttast til kristen symbolisme.
Thumb
Passiflora 'Soi Fah', kjend som krishnakamala i India

Pasjonen i namnet viser til til den kristne pasjonen til Jesus.[9] Ordet kjem frå latinsk passio, som tyder 'liding'. På 1500- og 1500-talet tok spanske kristne misjonærar dei unike fysiske strukturane til denne planten, særleg tala på ulike blomsterdelar, som symbol på dei siste dagane til Jesus og krossfestinga hans.[10]

  • Dei spisse endane av blada representerer den heilage lansen.
  • Slyngtrådane representerer piskane som blei brukte til å piska Kristus.
  • Dei ti kronblada og begerblada representerer dei ti trufaste apostlane (utan Peter, som fornekta Jesus tre gonger, og Judas Iskariot, som forråda han).
  • Pollentrådane som strålar ut frå krona, som kan vera over hundre i tal og variera frå blome til blome, representerer tornekrona.
  • Den kalkforma fruktknuten med blomebotnen representerer den heilage gralen.
  • Dei tre pollenfangarane representerer tre naglar og dei fem pollenknappane under dei fem hamrar eller fem sår (fire frå naglene og ein frå lansen).
  • Dei blå og kvite fargane på blomane til mange arter representerer Himmelen og reinleiken.
  • I tillegg er blomen open i tre dagar, som symboliserer dei tre åra Jesus verka.[11]

I India er blomen kjend som krishnakamala (krisjnablome) på grunn av sambandet med eposet Mahabharata. Dei 100 perifere kronblada representerer dei 100 kauravaene, medan dei 5 gule blada mellom dei representerer pandavaene. Den følsame, men sterke grøne knollen på toppen er Draupadi eller Krisjna.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads