Patrick Ortlieb
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Patrick Ortlieb (fødd 20. mai 1967) er ein austerriksk tidlegare alpin skirennar og politikar frå Bregenz i Vorarlberg. Han vart olympisk meister i utfor i 1992 og verdsmeister i same greina i 1996. Ortlieb var mellom 1999 og 2002 parlamentsmedlem for det austerrikske partiet FPÖ.
Remove ads
Karriere
Han fekk sin VM-debut i 1991 og vart nummer sju i utfor, året etter vann OL-gull i utforrennet under Vinter-OL 1992 i Albertville, fem hundredels sekund framom Franck Piccard frå Frankrike. Ved VM 1993 i japanske Morioka kom han på åttandeplass i yndlingsgreina.
Ortlieb vann fire i renn verdscupen i alpine greiner, alle saman i løpet av to år frå midt i desember 1993 til midt i desember 1995. Tre av sigrane kom i utforrenn, ein i super-G.
Etter ein fjerdeplass i OL-utforen på Lillehammer i 1994, vann Ortlieb ein relativt klar siger i utforrennet ved VM i alpine greiner 1996 i spanske Sierra Nevada. Under alpin-VM 1997 vart han nummer åtte i utfor.
Han la opp etter eit stygt fall under trening til utforrennet 1999 i Hahnenkammrenna i Kitzbühel.
Frå 1999 til 2002 representerte Ortlieb det høgrepopulistiske partiet FPÖ (Austerrikes fridomsparti) i nasjonalrådet (parlamentet) i Austerrike.
Han eig og driv eit luksushotell i Oberlech.
Remove ads
Kjelder
- Sportsboken, aktuelle årgangar
- Denne artikkelen bygger på «Patrick Ortlieb» frå Wikipedia på tysk, den 14. desember 2014.
Bakgrunnsstoff
- «Patrick Ortlieb» (på engelsk). olympedia.org. Henta 10. februar 2023.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads