Pave Honorius I

From Wikipedia, the free encyclopedia

Pave Honorius I
Remove ads

Honorius I (daud 12. oktober 638) var pave frå 27. oktober 625 til han døydde i 638. Han blei posthumt fordømt for kjetteri den 7. november 680 på det tredje konsilet i Konstantinopel, og utsendingane til den dåverande paven Agathos protesterte ikkje mot fordømminga av han.[1] Fordømminga blei oppretthalden av pave Leo II og seinare pavar.[2]

Kjappe fakta Fødd, Død ...
Remove ads

Liv og virke

Bakgrunn

Liber Pontificalis fortel av Honorius var frå Campania sør for Roma. Han var son av konsulen Petronius.

Pave

Honorius blei vald til pave to dagar etter at føregangaren pave Bonifatius V døydde.

Om utnemninga hans som pave fekk den tradisjonelle keisarlege godkjenninga, kom ikkje denne frå keisaren av Bysants, men frå eksarken i Ravenna.[3]

Ettet at Honorius I blei vald til pave den 12. oktober 625 blei han konsekrert den 27. oktober. Han arbeidde for å vidareføra verket til pave Gregor den store på mange område. Han var oppteken av den fortsette spreiinga av kristendommen på Dei britiske øyane. Han tok også opp att igjen misjonen blant saksarane, som pave Gregor hadde byrja, men som sidan var gått i stå. Han verka òg for å føra dei arianske langobardane tilbake til kyrkja.[4]

Tilsynelatande var han klar over den nye trusrørsla islam, som så vidt var byrja å spreia seg.[5]

Honorius uttalte seg til fordel for keisar Heraklius sitt forsøk på å gjenforene monofysittane med kyrkja. Her var ei av tilnærmingane for å oppnå dette målet den såkalla monoteletiske skuleretninga, som gjekk ut på at det i Kristus finst berre ein vilje og ein verkemåte.

Denne setninga blei seinare forkasta på det sjette økumeniske konsilet i Konstantinopel i 680. Det var då den avdøde Honorius blei fordømd som kjettar. Her kan det vel historisk heller seiast at Honorius ikkje hadde gått god for monoteletismen. Snarare hadde han opptredd som realpolitikar. Han hadde støtta patriark Sergios I av Konstantinopel i at det i Kristus berre var verksamt ei viljeskraft (θέλημα, voluntas), men om denne uttala seg i to viljar (ἐνέργειαι, operationes), oppfatta han som unødvendig spissfindig, og ikkje noko som trengte ei kyrkjeleg læredefinisjon.

Då monoteletisme-striden flamma opp igjen etter at han var død, reagerte teologar på yringane til Honorius. Problemet i to-vilje-spørsmålet er i praksis problematisk berre om ein med «to viljar» underforstår dette som «to motstridende viljar». Ingenting tyder på at Honorius meinte at Kristus hadde dette.

Ved det tredje kyrkjemøtet i Konstantinopel blei monoteletismen fordømd, og med dei Honorius. Med sitat frå brevvekslinga hans med patriark Sergios I blei Honorius sagt å ha røpa dei ugudelege doktrinane sine.[6]

Honorius bygde mange vakre kyrkjer og innstifta festen for opphøginga av krossen. Han klarte å bringe den irske kyrkja sin påsketermin i harmoni med den katolske.

I Roma fekk han reist kyrkja Sant'Agnese fuori le mura.[7] Der finst det ein mosaikk av han, der han held ein modell av kyrkja.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads