Peace Trail

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Peace Trail er det 39. albumet til den kanadiske musikaren Neil Young, gjeve ut 9. desember 2016 på Reprise Records. Det vart produsert av Young og John Hanlon og spelt inn i studioet til Rick Rubin, Shangri-La Studios.[1]

Meir informasjon Neil Young-kronologi, Singlar frå ...

Det vart skildra som eit «hovudsakleg akustisk» album og vart spelt inn i lag med trommeslagaren Jim Keltner og bassisten Paul Bushnell.[2]

Remove ads

Bakgrunn og innspeling

Peace Trail vart skriven og spelt inn etter Young gav ut konsertalbumet Earth i 2016.[2] Trass i at Young hadde arbeidd mykje med Promise of the Real i 2015 og 2016, valde Young å spele inn eit soloalbum med studiomusikarane Jim Keltner (trommer) og Paul Bushnell (bass). I følgje Bushnell vart albumet spelt inn på fire dagar: «Me spelte inn ti spor over fire dagar. Dei fleste av dei var første eller andre opptak.»[3]

Young inviterte Bushnell til å delta på innspelinga etter å ha høyrt han spele på Promise of the Real-medlemmen Micah Nelson sitt komanade soloalbum. I følgje Bushnell «sa Micah at Neil Young likte basspelinga mi på den plata og spurte Micah om nummeret mitt. Eg trudde ikkje heilt på det før dagen etter, då telefonen min ringte frå dette skjulte nummeret. Eg svarte og fyren sa ‘Er dette Paul?' eg sa, ‘Ja, det er det.’ Stemma sa 'Vel, dette er Neil Young.’»[3]

Remove ads

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Samla karakter ...

Peace Trail fekk middels kritikk då det kom ut. På Metacritic fekk albumet ein gjennomsnittleg score på 57 av 100, basert på 18 meldingar.[4]

I ei positiv melding for Uncut var Damien Love overraska at Young ikkje valde å spele inn plata med det dåverande bandet sitt, Promise of the Real, men i staden valde Bushnell og Keltner. «Bushnell spelar den perfekte typen bass du nesten ikkje legg merke til. Perkusjonen til Keltner er ei heilt anna soge. Songane er stort sett spelte inn på første eller andre forsøk og Keltner svarar meir på det Young gjer enn å halde rytmen, eit improvisert samspel med merkelege mønster. Plata vert ofte ein duett mellom Young og Keltner.»[8] I ei anna positiv melding for Classic Rock Magazine skreiv Rob Hughes: «Det er kanskje ikkje det mest musikalsk involverte albumet hans i den 50 år lange karrieren hans, men det er eit overtydande bevis på at Young framleis har mykje å gje.»[6]

I ei stort sett positiv melding for Pitchfork rosa Sam Sodomsky at Young valde å gje ut politisk ladde album og at det var tett mellom dei: «Sjølv om røysta til Young aldri har høyrdest eldre ut enn ho gjer her, er det noko ungdommeleg i energien hans. Trass i at han gjev ut to album i året, liknande Ty Segall eller John Dwyer, er musikken hans driven av eit kvilelaust ynskje om å dekkje nye område og sei det han har på hjartet.»[7]

I ei negativ melding for Allmusic meinte Stephen Thomas Erlewine at albumet vart spelt inn for raskt: «Det er estetisk interessant, men problemet med Peace Trail er ikkje konseptet, det er gjennomføringa. Det var meint som ein musikalsk bulletin ala 'Ohio' eller Living with War, og Peace Trail er fylt med songar om akkurat desse augneblinka, men utføringa er så kunstlaus at det glir mot likegyldigheit.»[5]

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Salslister

Meir informasjon Liste (2016), Plassering ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads