Hitchhiker av Neil Young
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Hitchhiker er eit studioalbum av den kanadiske musikaren Neil Young, gjeve ut den 8. september 2017 på Reprise Records. Det er den niande utgjevinga i arkivserien til Young og den første i Special Release-serien.
Albumet vart produsert av Young og David Briggs med postproduksjon av John Hanlon og det vart opphavleg spelt inn 11. august 1976 på Indigo Ranch Recording Studio i Malibu i California.[1] Young meinte å gje ut albumet kort tid etter det vart spelt inn, men sjefane i Reprise meinte at «det ikkje var eit verkeleg album, men ei samling av demoar» og rådde Young til å spele dei inn med eit band.[2]
Åtte av dei ti songane på Hitchhiker kom ut på forskjellige andre studioalbum av Neil Young dei neste tre tiåra, men hovudsakleg som andre konsert- eller studioinnspelingar. Tre songar frå albumet («Captain Kennedy», «Pocahontas» og «Campaigner») kom ut nesten identiske som versjonane på Hitchhiker. To av songane («Hawaii» og «Give Me Strength») er aldri blitt gjeve ut andre stader enn på dette albumet.
Remove ads
Bakgrunn og innspeling
Mellom 1975 og 1977 spelte Young og produsenten David Briggs ofte inn musikk på Indigo Ranch på kveldar med fullmåne. Desse innspelingane vart gjort i ein særskild produktiv periode for Young og gav songar som «Will to Love» og «Stringman.» Briggs sa om denne tida «Han snudde seg mot meg og sa 'Eg tenkjer eg skal skru på krana' - og så kom 'Powderfinger,' 'Pocahontas,' 'Out of the Blue,' 'Ride My Llama' ut. To dagar, ein dag. Eg snakkar ikkje om å sitje seg ned med penn og papir. Eg snakkar om å ta opp ein gitar, sitte der og sjå rett på meg og på tjue minuttar—'Pocahontas'.»[3]
Songane på albumet vart spelte inn på ei natt. I memoarane sine, Special Deluxe, skildrar Young innspelinga: «Det var eit fullstendig stykke, sjølv om eg var ganske stein då, og du kan høyre det på framføringa mi. Eg la ned alle songane på rekkje og tok berre pause for gras, øl eller kokain. Briggs var i kontrollrommet og miksa på direkten med favorittkonsollen hans.»[4] Mange av songane dukka opp att på framtidige Young-album: «Pocahontas» er det same opptaket som vart nytta på Rust Never Sleeps utan overdubbar, «Captain Kennedy» er i røynda uendra frå Hawks & Doves; «Campaigner» er presentert uredigert med eit ekstra vers, slik han kom ut på den første tyske utgåvene av Decade, men er elles heilt lik. Songane som kom ut på American Stars 'n Bars, Comes a Time, Rust Never Sleeps og Le Noise, er andre innspelingar. Hitchhiker inneheld òg eit par songar som ikkje var gjevne ut før: «Hawaii» og «Give Me Strength». Sistnemnde har stundom blitt framført på konsertane til Young.[1]
Remove ads
Kritikarar
Då Hitchhiker kom ut fekk det generelt god kritikk. På samlenettsida Metacritic har albumet ein gjennomsnittleg score på 88 av 100, basert på 13 meldingar.[5]
Allmusic gav albumet fire av fem stjerner og Stephen Thomas Erlewine skreiv «På Hitchhiker er Young ikkje heilt sikker enno på om han har drive ut dei vonde åndene, og den uroa gjev akkurat nok kompleksitet til den beroligande flyten på albumet .»[6]
Remove ads
Innhald
Kjelde:[1]
Salslister
Vekeslister
Årslister
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads