Pearl
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Pearl er det fjerde og siste albumet til Janis Joplin. Det kom ut 11. januar 1971, tre månader etter at ho døydde av ein heroinoverdose. Det var det første albumet hennar med Full Tilt Boogie Band.
Remove ads
Historie
Albumet har ein langt meir polert stil enn albuma ho spelte inn med Big Brother and the Holding Company og Kozmic Blues Band på grunn av produsenten Paul A. Rothchild og det nye bandet som akkompagnerte ho. Rothchild vart mest kjend som produsenten til The Doors, og arbeidde godt med Joplin. I lag klarte dei å lage eit album som synte det uvanleg store songtalentet hennar. Full Tilt Boogie var musikarane som hadde spelt med ho på den kjende Festival Express sommaren 1970, og mange songane på albumet vart introduserte på scenen i Canada.
Pearl inneheld hittar som «Me and Bobby McGee» skriven av Kris Kristofferson og Fred Foster og «Move Over», som ho skreiv sjølv. Joplin syng på alle songane bortsett frå «Buried Alive in the Blues», som vart teken med som ein instrumental fordi Joplin døydde dagen før ho skulle legge vokal på songen. Innspelinga, som starta tidleg i september, enda brått då Joplin døydde den 4. oktober 1970. Det ikoniske plateomslaget syner Joplin som lener seg tilbake i den victorianske stolen hennar med ein drink i handa.[5]
I 2003 vart albumet rangert på 122. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.[6]
Remove ads
Innhald
Remove ads
Medverkande
- Janis Joplin - vokal
- Clark Pierson - trommer, korvokal
- Bobbye Hall - conga, perkusjon
- Phil Badella - korvokal
- Brad Campbell - bass
- Ken Pearson - orgel
- Bobby Womack - akustisk gitar
- Richard Bell - piano
- Sandra Crouch - tamburin
- John Till - gitar
Salslister
Vekeslister
Salstrofé
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads