Pelayo
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Pelayo eller Pelagius av Asturias (spansk Don Pelayo, fødd ca. 685, død 737) var ein vestgotisk adelsmann som grunnla Kongedømet Asturias nord på Den iberiske halvøya. Gjennom sigeren sin i slaget ved Covadonga er han blitt tilskriven byrjinga av den kristne gjenerobringa, reconquista, av halvøya frå dei muslimske maurarane.

Pelayo er eit symbol for spansk eining, og blir rekna som ein forgjengar til det moderne spanske kongedømmet.[1] Som ein følgje av dette har arvingen til den spanske trona heilt frå 1388 hatt tittelen fyrste/fyrstinne av Asturias.[2] Hola i Covadonga der Pelayo er gravlagd er ein valfartsstad som kvart år blir vitja av tusenvis av spanske og latinamerikanske katolikkar og nasjonalistar. Ved inngangen til hola står det eit skilt med teksten: Aqui, al nombre de la Madre de Dios, de entre las rocas, sobre las cumbres, surgió España (Her, i namnet til Guds mor, fram frå klippene og fjelltoppane, oppstod Spania.)[2]
Remove ads
Bakgrunn
Pelayo var ifølgje Chronica Albeldensis son av Favila, dux (hertug) av Gallaecia. Denne kjelda nemner at Favila blei drepen av kongesonen Witiza. Alfonso III si krønike kallar Pelayo soneson av Chindasuinth og nemner at sonen hans, Favila, blei blinda i Córdoba etter ordre frå Witiza.
Opprøret til Pelayo
I mangel på dokumentasjon er livet til Pelayo blitt gjenstand for mytar og spekulasjonar.
Mellom anna blir det fortalt om det spente tilhøvet hans til den brutale og uærlege herskaren Witiza, som han skal ha måtta flykta til Jerusalem for å koma vekk frå. Pelayo skal ikkje ha kome tilbake før Witiza var død, og då skal han ha byrja i teneste hjå Witiza sin etterfølgar, Roderik. Det oppstod ein konflikt med sonen til Witiza og broren hans, biskop Oppa av Sevilla. Etter eit tapt slag mot desse skal Pelayo ha rømd, og tatt med seg ein skatt som han hadde fått tak i i Jerusalem. Denne skal han ha gøymt på Monte Sacro, nær Oviedo.[3]
Ein annan tradisjon hevdar at Munuza, den berberske guvernøren i Egjon (enten Gijón eller León) var tiltrekt av Pelayo si syster. Pelayo motsatte seg ekteskap mellom dei, og Munuza gav difor ordre til Tariq ibn Ziyad, om å fanga Pelayo og senda han til fengsel i Córdoba, hovudstaden i det muslimske emiratet.
Remove ads
Slaget ved Covadonga
På eit tidspunkt gjord Pelayo opprør. Slike opprør av lokale styresmakter mot overordna var eit vanleg opphav i det vestgotiske Spania. Ein muslimsk hær blei send mot han under leiing av Alkama og den kristne biskopen i Sevilla, Oppa, bror til Witiza sin son. Dei kristne kjeldene oppgjev at så mange som 240 000-400 000 maurarar blei sende mot dei gjenverande 31 krigarane til Pelayo (truleg sterkt overdrivne tal).[2] At Alkama var general og at det var ein biskop av Sevilla som heiter Oppa blant mennene hans, er generelt akseptert. Ein kamp blei utkjempa i nærleiken av Covadonga (i Monte Auseva eller i Monte Libana) der Alkama blei drepen og Oppa fanga. Mauriske skildringar av hendinga omtalar arrogant Pelayo og den vesle styrken hans som «tretti ville esel» som ikkje kunne utgjera nokon trussel, medan den kristne tradisjonen framheva sigeren til Pelayo mot ei stor overmakt som eit inngrep frå Gud. Kampen er vanlegvis datert til 718 eller 719, mellom styret til guvernørane al-Hurr og as-Sham, sjølv om nokon har datert det så seint som 722 og Chronica Albeldensis daterer det (feilaktig) til 740-åra.
Fyrste av asturarane
Etter å ha blitt vald til princeps (fyrste, høvding) av asturarane etter den vestgotiske tradisjonen, valde Pelayo Cangas de Onís som hovudstad.
Riket hans, som fyrst var sentrert i det austlege Asturias, voks raskt. Han gifta bort dottera si Ermesinda med den framtidige asturiske kongen Alfonso I, son av den austlege naboen hertug Peter av Cantabria. Pelayo styrte i atten eller nitten år til han døydde i 737, og blei etterfølgd av sonen sin Favila.
Han blei gravlagd i kyrkja Iglesia de Santa Eulalia kyrkja i nærleiken av landsbyen Corao, nær Cangas de Onís. Leivingane hans blei seinare overførte av kong Alfonso X til den heilage hola i Covadongas, i lag med leivingane til kona hans Gaudiosa og syster hans.
Remove ads
Historiske kjelder
Dei viktigaste kjeldene om livet og karrieren til Pelayo er to latinske krøniker skrivne på slutten av det 800-talet i riket han grunnla. Den fyrste er Chronica Albeldensis, som blei skriven i klosteret San Martín de Albelda kring 881, og bevart i Codex Vigilanus, som blei oppdatert fram til 976.[4] Den andre er Alfonso III si krønike, som blei revidert tidleg på 900-talet og bevart i to teksttradisjonar som avvik i fleire viktige passasjer: Chronica Rotensis, bevart i Roda Codex og Chronica ad Sebastianum, som skal vera skriven av Sebastian, biskop av Salamanca og Ourense (910-913).[5] Dei einaste sannsynlege tidlegare skriftlege kjeldene som desse krønikeskrivarane kunne få informasjon frå, er kongelister.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads