Pensacolafjella

From Wikipedia, the free encyclopedia

Pensacolafjella
Remove ads

Pensacolafjella er ei stor fjellkjede i Antarktis, som strekkjer seg 450 km frå nordaust til sørvest, og består av Argentina Range, Forrestal Range, Dufek Massif, Cordiner Peaks, Neptune Range, Patuxent Range, Rambo Nunataks og Pecora Escarpment. Desse fjella ligg tvers over den store Foundationstraumen og Support Force-breen som renn nordover til Ronne isbrem.[1]

Kjappe fakta Land, Stad ...

Det vart oppdaga og fotografert den 13. januar 1956 under ein flytur over kontinentet under Operasjon Deep Freeze frå McMurdo Sound til Weddellhavet og attende. Det vart namngjeve av US-ACAN etter Pensacola i Florida, til minne om den historiske rolla til staden i å utdanne flygarar for U.S. Navy. Fjella vart kartlagde i detalj av USGS frå landmålingar og US Navy sine flyfoto, 1956-67.[1]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads