Percy av The Kinks
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Percy er eit filmmusikkalbum frå 1971 av det engelske rockebandet The Kinks for den britiske kommedien med same namn. Songane vart skrivne av Ray Davies og inkluderte både standard popsongar og instrumentale nummer. Albumet vart det siste dei gav ut på Pye Records, og enda med det ein sju år lang kontrakt. Albumet vart ikkje gjeve ut i USA og var berre tilgjengeleg der i mange år via import.
Percy vart ikkje godt motteke og har heller aldri vorte rekna som ein del av albumkatalogen av bandet sjølv.
«God's Children» vart gjeven ut som singel i april 1971 (den aller siste utgjevinga på Pye medan dei framleis var under kontrakt). I motsetnad til albumet vart singelen gjeven ut i USA i juli, men nådde ikkje salslistene verken der eller i heimlandet. Han vart derimot ein liten hit i Australia (53. plass) og New Zealand (21. plass).
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Ray Davies
- Luksusutgåva frå 2014 av Percy er den andre plata av Lola versus Powerman and the Moneygoround, Part One. Denne utgåva vart saman kalla Lola versus Powerman and the Moneygoround & 'Percy'.
Remove ads
Medverkande
- Ray Davies - vokal, akustisk gitar, munnspel
- Dave Davies - 6- og 12-strengs elektrisk gitar, vokal
- John Dalton - bass, korvokal, solovokal på «Willesden Green»
- John Gosling - klaverinstrument
- Mick Avory - trommer
- Ytterlegare arrangement av Stanley Myers
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads