Peter Ustinov

From Wikipedia, the free encyclopedia

Peter Ustinov
Remove ads

Peter Ustinov el. Peter Alexander von Ustinov (16. april 192128. mars 2004) var ein britisk forfattar, skodespelar, instruktør og debattant. Hans familiære bakgrunn var blanda, far hans var såleis tysk statsborgar og mor hans russisk. I kraft av faren sitt arbeid innanfor det tyske diplomatiet, som nyheitskorrespondent og under andre verdskrigen som etterretningsoffiser for den britiske sikkerheitstenesta MI5, reiste familien mykje rundt. Dette er truleg ein av grunnane til at Peter Ustinov talte så mange språk, såleis engelsk, fransk, spansk, tysk, italiensk og russisk og i mindre grad tyrkisk og gresk.

Kjappe fakta

I karrieren som filmskodespelar er han mest kjend for å ha medverka i romar-filmane Quo Vadis? og Spartacus, og dessutan for å ha spela Hercule Poirot i eit par filmar, først og fremst i Døden på Nilen.

Ustinov mottok to gonger ein Oscar for beste mannlege birolle. Først for rolla i Spartacus og sidan for rolla i Topkapi.

Attåt karrieren som skodespelar skreiv Ustinov også romanar og teaterstykke, og han var ein ivrig samfunnsdebattant. Peter Ustinov var såleis president for World Federalist Movement - som går inn for ei verdsregjering - frå 1991 og fram til sin død.

Remove ads

Utvalde filmar

  • One of Our Aircraft is Missing (1942)
  • Quo Vadis? (1951)
  • Spartacus (1960)
  • Billy Budd (1962)
  • Topkapi (1964)
  • Døden på Nilen (1978)
  • The Bachelor (1999)
  • Luther (2003)

Kjelde

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads