Peter and Gordon

From Wikipedia, the free encyclopedia

Peter and Gordon
Remove ads

Peter and Gordon var ein britisk popduo som bestod av Peter Asher (f. 1944) og Gordon Waller (1945–2009), og som vart internasjonalt kjende i 1954 med den første singelen sin, «A World Without Love». Duoen fekk fleire hittar i den britiske bølgja.

Kjappe fakta Aktiv, Sjanger ...
Remove ads

Historie

Peter Asher og syster hans Jane var barneskodespelarar i 1950-åra. Dei spelte sysken i ein episode i fjernsynsserien The Adventures of Robin Hood i 1955. Jane Asher var kjæraste med Paul McCartney frå The Beatles mellom 1963 og 1968, og Peter and Gordon spelte inn fleire songar skrivne av McCartney, men kreditert til Lennon–McCartney. Dette inkluderte hittane «A World Without Love» (US & UK nr.1), «Nobody I Know» (US nr.12; UK nr.10), «I Don't Want To See You Again» (US nr.16) og «Woman».

Med «Woman» brukte McCartney pseudonymet Bernard Webb for å sjå om han kunne få ein hitsong utan at namnet hans var involvert. Dei første trykka av den amerikanske singelen på Capitol oppførte komponisten som «A. Smith». Songen nådde 14. plassen i USA og 28. plassen på den britiske singellista i 1966. Peter and Gordon spelte òg inn John Lennon-songen «If I Fell», som tidlegare var spelt inn av The Beatles og gjeven ut i 1964 på albumet deira A Hard Day's Night.

Andre hittar duoen hadde var «I Go to Pieces» (US nr.9), skriven av Del Shannon og gjeven til Peter and Gordon etter at dei hadde turnert i lag. Dette kom av at manageren til Del Shannon frå plateselskapa Embee og Bigtop. Irving Micahnik og Harry Balk oppdaga Del Shannon og dei skreiv bort rettane til «I Go to Pieces» og håpte å lure Peter and Gordon til selskapet sitt i Detroit. Alt dei oppnådde var å tape alle inntektene dei elles ville fått for songen. Duoen spelte òg inn Buddy Holly sin «True Love Ways» (US nr.14 og UK nr.2 i 1965) og The Teddy Bears sin «To Know Him Is To Love Him», under namnet «To Know You Is To Love You» (US nr.24 og UK nr.5 i 1965).

Peter and Gordon fekk sin siste hit i Storbritannia seint i 1966 med «Lady Godiva», som nådde 16. plassen der (og sjetteplassen i USA). Suksessen deira i USA varte til 1967 med «Knight in Rusty Armour» og «Sunday for Tea» som begge gjekk inn på Billboard Hot 100 det året.

Peter Asher vart så talentspeidar for Apple Records. Han fortsette karrieren som platesjef i California, der han var manager og produsent for Linda Ronstadt og James Taylor i 1970- og 1980-åra. Asher produserte òg innspelingar for Cher, 10,000 Maniacs og Diana Ross. Dottera hans, Victoria Asher, er medlem av rockebandet Cobra Starship.

I august 2005 spelte Peter and Gordon saman att på scenen for første gong på meir enn 30 år, som ein del av ei hyllest til Mike Smith i The Dave Clark Five i New York City. Dette vart etterfølgd av heile konsertar under The Fest for Beatles Fans (tidlegare Beatlefest) året etter.

Våren 2007 og 2008 spelte Peter and Gordon under konsertserien Flower PowerEPCOT-senteret i Florida. Den 21. august 2008 heldt dei ein gratiskonsert på kaien i Santa Monica i California. Dei spelte òg nokre konsertar i 2009, før Gordon Waller døydde av eit hjarteinfarkt den 17. juli 2009.

Diskografi

Remove ads

Singlar

Meir informasjon A-side, B-side, Storbritannia ...

Album

  • A World Without Love (1964)
  • I Don't Want to See You Again (1964)
  • I Go to Pieces (1965)
  • True Love Ways (1965)
  • Sing and Play Hits of Nashville (1966)
  • Woman (1966)
  • Best of (1966)
  • Lady Godiva (1967)
  • Knight in Rusty Armour (1967)
  • In London for Tea (1967)
  • Hot, Cold & Custard (1967)

Album (Capitol-EMI, Canada)

  • A World Without Love (S)T 2115
  • I Don't Want To Be Around You Again (S)T 2230
  • I Go To Pieces (S)T 2334
  • True Love Ways (S)T 2368
  • Sing and Play the Hits of Nashville (S)T 2430
  • Woman (S)T 2477
  • The Best of Peter And Gordon (S)T 2549
  • Lady Godiva (S)T 2664
  • Knight in Rusty Armour (S)T 2729
  • In London For Tea (S)T-2747 (1967)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads