A World Without Love
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«A World Without Love» er ein song spelt inn av den britiske duoen Peter and Gordon og gjeven ut som debutsingelen deira i februar 1964. Som kom òg ut på debutalbuma eira i Storbritannia og USA. Songen var skriven av Paul McCartney[2] og tilskriven Lennon–McCartney.[1] B-sida var «If I Were You», skriven av Peter and Gordon.[3]
I Storbritannia gjekk songen heilt til topps på både Record Retailer-lista[4] og New Musical Express-lista.[5] I USA toppa «A World Without Love» både Billboard Hot 100[6] og Cash Box Top 100.[7] Songen nådde òg toppen av Irish Singles Chart,[8] toppen av New Zealand si «Lever Hit Parade»,[9] andreplassen i Australia,[5] og åttandeplassen på VG-lista i Noreg.[1]
Remove ads
Bakgrunn
McCartney skreiv songen då han var 16. Då han flytta til London og kjærasten hans Jane Asher i 1963, delte dei rom med broren hennar, Peter Asher. Asher spurte han om han kunne bruke songen etter at Asher og Gordon Waller hadde fått platekontrakt som Peter and Gordon.[10]
McCartney syntest ikkje songen var god nok for The Beatles.[11] Songen vart derfor aldri gjeven ut av The Beatles, og den einaste kjende innspelinga av eit Beatles-medlem er den originale demoinnspelinga til McCartney, som no er eigd av Peter Asher.[12]
Det er ein av to songar skrivne av Lennon–McCartney som har gått til topps i USA av ein annan artist enn The Beatles.[13] Den andre er «Lucy in the Sky with Diamonds» med Elton John.[13] «Bad to Me» var skriven av Lennon og McCartney i 1963 og gjeven til Billy Kramer. Denne nådde toppen i Storbritannia, men ikkje i USA. Før han gav songen til Peter and Gordon, tilbaud McCartney han til Billy J. Kramer, som avslo.[11] Songen var ein av sju førsteplassar skrivne av Lennon-McCartney i USA i 1964, noko som er rekord innafor same kalenderår.
«A World Without Love» er med på lista til Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma rock and roll.[10]
Remove ads
Salslister
Remove ads
Andre versjonar
Ein versjon av Bobby Rydell frå mai 1964 nådde 80. plassen på Billboard Hot 100.[21]
I 1964 gav The Supremes ut ein versjon av songen på albumet A Bit of Liverpool.[22] Denne versjonen vart ein hit i somme land i Søraust-Asia og nådde 7. plassen i Malaysia.[23]
Del Shannon spelte ein versjon av songen i 1964 på albumet hans Handy Man.
Patty Duke spelte ein versjon av songen i 1965 på debutalbumet Don't Just Stand There.
Terry Black gav ut ein versjon av songen i 1965 på debutalbumet Only 16.[24]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads