Philippe Collet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Philippe Collet (fødd 13. desember 1963) er ein fransk tidlegare stavhoppar frå Nancy. Han fekk bronsemedaljen i øvinga ved europameisterskapen 1986 i Stuttgart.
Remove ads
Aktiv
Collet vart fransk meister i stavhopp i 1985, ein prestasjon han gjorde opp att i 1988, 1989, 1991 og 1992. Han sette personleg rekord med 5,85 meter i Paris den 22. juli 1986. Innandørs hoppa han seinare 5,92 m våren 1989 og 5,94 meter i mars 1990, begge gongane i Grenoble. Høgdepunktet i dei store meisterskapane kom då han tok bronsemedaljen i EM 1986 med 5,75, like høgt som sølvmedaljør Vassyl Bubka]. Bror til sistnemnde, Sergej Bubka vart europameister på 5,85 meter. Sidan tok Collet del i medaljestriden både ved Sommar-OL 1988, der han vart femtemann, og i EM 1990 og EM 1994, der han kom på fjerdeplass i begge høva.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Philippe Collet» frå Wikipedia på tysk, den 14. juli 2022.
Bakgrunnsstoff
- «Philippe Collet» (på engelsk). olympedia.org. Henta 20. februar 2023.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads