Pierre Curie

fransk kjemikar og fysikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Pierre Curie
Remove ads

Pierre Curie (15. mai 185919. april 1906) var ein fransk vitskapsmann, gift med Marie Curie som han delte eine halvdelen av Nobelprisen i fysikk med i 1903, for å ha oppdaga grunnstoffa radium og polonium. Han gjorde banebrytande arbeid innan krystallografi, magnetisme, piezoelektrisitet og radioaktivitet.

Remove ads
Kjappe fakta
Remove ads

Livssoge

Curie var fødd i Paris. Han fekk undervising heime av far sin, og utvikla tidleg ei interesse for matematikk og geometri. 18 år gammal blei han laboratorieassistent ved Sorbonne. Der studerte han mellom anna oppbygginga av krystallar. Saman med broren Jacques oppdaga han piezoelektrisiteten.

I 1894 møtte han Marie Sklodowska. Dei gifta seg eitt år seinare og byrja eit fruktbart forskingssamarbeid som mellom anna førte til oppdaginga av to nye radioaktive grunnstoff, polonium og radium. Ved hjelp av magnetiske felt på strålinga frå radium påviste Pierre partiklar som var elektrisk positive, nøytrale og negative. Ernest Rutherford gav dei seinare nemningane alfa-, beta- og gammastrålar.

Pierre Curie blei lektor ved Sorbonne i 1900 og professor i 1904. I 1906 blei han påkøyrd i rue Dauphine i Paris og døydde momentant.

Remove ads

Ettermæle

I 1910 vedtok radiologar å kalla opp radioaktivitetseininga curie etter Pierre Curie. I 1944 blei det nylaga grunnstoffet curium kalla opp etter ekteparet Curie. I 1995 blei oska av Pierre og Marie lagt til kvile i Panthéon i Paris, der dei mest heidra franskmennene ligg.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Pierre Curie
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads