Planteskole
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ein planteskole er ei verksemd for produksjon av fleirårige tre og buskar.
Planteskolane leverer mellom anna granplantar til skogbruket. Granplantane til skogbruket vert oftast leverte som eitt- eller toårige pluggplantar med rotklump. Nokre planteskolar leverer òg tre-, fire- eller femårige barrotplantar. Femårige plantar under nemninga 2/3 har stått to år i såseng før dei har vorte omprikla og stått 3 år på friland før dei er tatt opp for utplanting i skogen.
Moderne planteskolar har veksthus med klimakontroll og kjølelager for lagring av plantar som er klare for levering. Til skogbruket vert plantane oftast leverte i pakningar med 300 eller 500 plantar.
Remove ads
Norske skogplanteskolar
Den første norske planteskolen vart etablert i Sandnes i 1868, og sidan vart det etablert planteskolar i Farsund 1876, Molde 1878, Steinkjer og Saltdal i 1880, Bodø i 1887, Hamar i 1890, Sjønningsdalen, Trondheim 1899, Namsos og Horten i 1900 og på Hitra i 1900. Frå hundreårsskiftet gjekk ein i skogbruket meir over til bledningshogst, og såing og planting vart mindre bruka. Plantinga i skogstroka vart då minimal, om lag 10 millionar for året i kyststroka, 5 millionar i dei tradisjonelle skogstroka. Mens den årlege planteproduksjonen i kyststrøka kunne liggje på ca 10 millionar planter, var talet for skogstroka ca 5 millionar.
Med skoglova av 1932 vart det kulturplikt, og etter kvart fekk bestandsskogbruket innpass. Etter krigen kom plantetalet opp i 20 millionar plantar for året. Talet steig jamnt til det i 1964 nådde toppen med over 100 millionar plantar utsett på om lag 350 000 dekar.
I Noreg er det no nær tjue skogplanteskolar, fordelte over heile landet, som forsyner det norske skogbruket med skogplantar.[1] Dei fleste norske planteskolane er eigd av eit eit fylkesskogselskap; nokre få er i privat eige.
I 1991 leverte norske skogplaneskolar 62 millionar skogplantar til utplanting. Dei siste åra har plantetalet lege rundt 20 millionar for året, utplanta på 120 000 dekar.[2]
Remove ads
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads