PoMo

kunstmuseum i Trondheim From Wikipedia, the free encyclopedia

PoMo
Remove ads

PoMo (forkorting for Posten Moderne) er eit kunstmuseum som ligg i Dronningens gate i Trondheim sentrum. Det held til i bygget som tidlegare husa hovudpostkontoret i Trondheim. Bygget er frå 1911, teikna av arkitekt Karl Norum og registrert av Byantikvaren som eit av dei viktigaste jugendstil-bygga i Trondheim, med kategori A: Svært høg antikvarisk verdi.[1] Det er restaurert og delvis ombygd av arkitekt Erik Langdalen[2] i samarbeid med interiørarkitekt India Mahdavi.[3] Museet har eit utstillingsareal på ca. 4 000 m2 over tre etasjar. Saman med Nye Hjorten Teater[4] utgjer PoMo det som blir kalla «Det nye kulturkvartalet» i Trondheim.[5][6]

Kjappe fakta Stad, Skipa ...

PoMo opna for publikum 15. februar 2025 med 100 verk av 24 kunstnarar i opningsutstillinga «Postkort fra framtida».[7]

Museet vil dedikere minst 60 prosent av innkjøpsbudsjettet til kvinnelege kunstnarar og kunstnarskap for å adressere den skeive kjønnsfordelinga i mange eksisterande samlingar.[3]

PoMo er privateigd av Reitan-familien frå Trondheim. Ole Robert Reitan er styremedlem, Monica Reitan er styreleiar og leiar den kunstfaglege komitéen til museet.[3] Marit Album Kvernmo er museumsdirektør.[8]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads