Pretty Girls Everywhere
song From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Pretty Girls Everywhere» er ein song skriven av Eugene Church og Thomas Williams og var den første hitten for den amerikanske songaren Eugene Church med gruppa hans The Fellows i 1958 og vart seinare spelt inn og gjeve ut av den amerikanske popgruppa The Walker Brothers som debutsingelen deira i 1965.
Innspelinga til Church for Class Records var den mest populære han hadde og nådde sjetteplassen på R&B-lista og 36. plass på Pop-lista i USA.[1]
The Walker Brother-versjonen er mest kjend fordi han ikkje er sungen av Scott Walker, som vart førstevokalist i gruppa etter dette. I staden er det John Walker som syng songen. B-sida til singelen er den første songen Scott Walker skreiv som vart gjeven ut, «Doin' the Jerk». Ein kan sjå gruppa mime til «Doin' the Jerk» i 1965 i strandfilmen Beach Ball.
Remove ads
Innhald
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads