Take It Easy with The Walker Brothers

studioalbum From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Take It Easy with The Walker Brothers er debutalbumet til det amerikanske popgruppa The Walker Brothers. Det vert ofte berre kalla Take It Easy. Akkompagnementet til gruppa vart dirigert av Ivor Raymonde og produsert av John Franz og Nick Venet. Det kom ut i 1965 og nådde tredjeplassen på UK Albums Chart.[1] Albumet inneheld den første store hitsingelen til gruppa, «Make It Easy on Yourself», og fekk god til middels kritikk då det kom ut i både mono og stereo i november 1965. Albumet vart sidan gjeven ut på CD og vart nymastra med bonusspor i 1998.

Meir informasjon The Walker Brothers-kronologi ...
Remove ads

Introducing the Walker Brothers

I USA vart albumet gjeve ut på Smash Records som Introducing the Walker Brothers. Denne alternative versjonen hadde ei anna rekkefølgje på songane og byta ut «Lonely Winds», «Girl I Lost in the Rain» og «Tell the Truth» med singlane «Love Her», «My Ship Is Coming In» og «Pretty Girls Everywhere».[2] Ein kan sjå gruppa mime til «Doin' the Jerk» i filmen Beach Ball frå 1965.

Introducing the Walker Brothers er i dag ute av opplag. I 2008 gav Water Records ut Philips-utgåva Take It Easy i USA for første gongen.

Remove ads

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Take It Easy with The Walker Brothers fekk god til middels kritikk frå dei fleste kritikarane. Richie Unterberger skildra for Allmusic den amerikanske versjonen Introducing the Walker Brothers som «ein ujamn sak» med «den balladeaktive grooven dei var kjende for med hittar som «Make It Easy On Yourself» og «My Ship Is Comin' In», men høyres stive ut på livlege R&B-songar som «Land of 1,000 Dances» og «Dancing in the Street».»[2]

Remove ads

Innhald

Take It Easy (Philips Records)

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Introducing The Walker Brothers (Smash Records)

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Lister

Meir informasjon Liste, Plassering ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads