Princes of the Universe
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Princes of the Universe» er ein song skriven av Freddie Mercury og framført av Queen. Songen vart skriven for filmen Highlander og gjeven ut på A Kind of Magic i 1986.[2]
Remove ads
Bakgrunn
«Princes of the Universe», skriven for Highlander, er den einaste songen på albumet som er skriven av Mercury aleine. Han vert spelt under opninga av filmen og seinare nytta som kjenningsmelodi for Highlander: The Series.[3] Songen vart aldri gjeven ut på singel i Storbritannia, men vert rekna som ein kult-favoritt på grunn av tilknytinga til filmen. I filmen kan ein ikkje høyre gitarsoloen i byrjinga av songen.
Remove ads
Musikkvideo
Musikkvideoen til songen vart regissert av Russell Mulcahy, og filma 14. februar 1986 i Elstree Studios i London, på takscenen til Silvercup som vart nytta i filmen. Han består hovudsakleg av Queen som framfører songen, innimellom scener frå Highlander. Christopher Lambert dukkar opp i rolla som Connor MacLeod i ein kort sekvens. Singelen gjekk ikkje inn på salslistene i USA, men videoen vart mykje spelt på MTV.
Remove ads
Medverkande
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads