Songen A Kind of Magic
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«A Kind of Magic» er tittelsporet til albumet med same namn frå 1986 av det britiske rockebandet Queen. Han var skriven av trommeslagaren Roger Taylor for filmen Highlander. Singelen nådde tredjeplassen på UK Singles Chart, topp ti i fleire land i EUropa og 42. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100. Songen er opningssporet på samlealbuma Greatest Hits II og Classic Queen.[1]
I Queen-samlingane The Platina Collection, Classic Queen og Greatest Hits II står det i omslaget at songen nådde toppen av listenen i 35 land verda over,[2] men så langt kjenner ein ikkje til noko stad der songen nådde toppen av listene.
Remove ads
Innspeling
Tittel
Tittelen «a kind of magic» vert sagt i Highlander av Connor MacLeod (Christopher Lambert) då han skildra udøydelegheita si. Roger Taylor likte uttrykket så godt at han brukte det som ein inspirasjon for songen. Det er ein referanse til filmen i teksten: «one prize, one goal»; «no mortal man» og «there can be only one».
Komposisjon
Taylor skreiv melodien og akkordane for versjonen i filmen, som Brian May skildra som «ganske sorgfull og tung».[3] Freddie Mercury komponerte ei ny basslinje, la til instrumentale pasuar og endra rekkefølgja i songen slik at han vart meir popvenleg. Mercury og David Richards produserte denne nye versjonen. Songen var likevel berre tilskriven Taylor. Medan versjonen til Taylor kjem mot slutten av filmen, kom Mercury sin versjon først på albumet. Filmversjonen av «A Kind of Magic» vart først gjeve ut som bonusspor i 2011.
Remove ads
Konsertversjonar
Songen vart ofte spelt på The Magic-turneen same året, som viste seg å bli den siste turneen til Queen før Freddie Mercury døydde.
Taylor spelte ofte songen på solokonsertane sine, og i lag med bandet The Cross. På Rock the Cosmos-turneen i EUropa song Taylor solovokal på songen på somme av konsertane.
Musikkvideo
Musikkvideoen for songen vart regissert av Russell Mulcahy, som regisserte Highlander. I videoen kan ein sjå Mercury som går inn på eit nedlsagt teater, der han finn May, Taylor og John Deacon, kledde som landstrykarar. Mercury omvandlar dei tre til Queen-medlemmar, med sine respektive instrument, før dei går attende til å bli landstrykarar att når han forlet teateret. Gjennom videoen dansar animasjonbilete til rytmen i songen. Desse vart produserte av Walt Disney Corporation.
Andre versjonar
Musikalartisten Elaine Paige spelte inn songen på albumet hennar The Queen Album i 1988.[4]
Lister
Salstrofé
Medverkande
- Freddie Mercury - solo- og korvokal, synthesiser
- Brian May - elektrisk gitar
- Roger Taylor - trommer, elektroniske trommer, trommemaskin, synthesizer, korvokal
- John Deacon - bassgitar
I andre media
- Musikken vart nytta i traileren til filmen The Adventures of Pinocchio.
- Ein kortare versjon av songen vart nytta i animasjonsserien A Kind of Magic.
- Ein sampel av Mercury som seier «Ha ha ha ha ha, it's magic» vart òg nytta i Queen-songen «I Was Born to Love You» frå albumet Made in Heaven.
- Songen vart nytta i ein episode av Queer as Folk.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads