Puya chilensis
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Puya chilensis er ein planteart i ananasfamilien som er endemisk for det sentrale Chile.
Remove ads
Skildring

Dette er ein eviggrøn staude, han dannar store, tette rosettar av grågrøne, belteliknande fyldige blad kanta med krokete, sylskarpe piggar. Blomsterstengelen vekst til ei høgd på 2-3,6 meter.
Veksten er langsam og plantane kan ta 20 år eller meir å blomstre første gang. Om dei har tilgang på tilstrekkeleg vatn kan dei blomstre ein gang i året.
Utbreiingsområdet er kystnært og grovt rekna mellom 30º 15' S (omtrent byen Tongoy i Coquimbo-regionen) og 34º 30' S (omtrent byen Cáhuil i O'Higgins-regionen) og innanfor matorral økoregion i Chile.[1]
Planten er innført til botaniske hagar i mange land.
Remove ads
Habitat og økologi
Puya chilensis veks både som isolerte plantar, i små grupper eller i større samlingar, vanlegvis på tørre åssider, steinete klippar og ravinar, mest rikeleg på kysten over ca. 300 moh., både på nord- og vestvende skråningar av matorralregionen. Planten veks ikkje i Andesfjella, han har ei øvre høgdgrense på ca. 1000 moh. Han blir utvikla i eit miljø kor konkurransen er liten. Andre iaugefallande artar på nordvende skråningane i vekstområde inkluderer Trichocereus chilensis og Puya berteroniana som blomstrar på eit anna tidspunkt, seinare i sesongen.[2]
Planten er vert for larver av den store nattsvermaren Castnia eudesmia som parasitterer stauden.[1] Han får hjelp til pollinering av eit utval av sporvefuglartar slik som chilespottefugl (Mimus thenca), men også storlerketrupial (Leistes loyca), storrovtyrann (Agriornis lividus) og umbratrast (Turdus falcklandii). Sukkerinnhaldet i nektaren er for lågt til generelt å tiltrekkje kolibriar, men kjempekolibri (Patagona gigas) er registrert å vitje blomane.[3][4]
Blada med peikande piggar kan vere ei tilpassing for å hindre planteeterar i å nå midten av planten. Planten er trudd å utgjere ei fare for dyr som til dømes sauer som kan bli vikla inn i bladverket. Viss dyret døyr, kan planten få næringsstoff ettersom dyret blir brote ned i nærleiken. Av denne grunn har Puya chilensis fått kallenamnet «saueetande plante». Viss store dyr mister livet etter kontakt med planten, vil det gjere Puya chilensis til ein «protokjøttetande plante». Inntil fenomenet er dokumentert må forteljinga reknast som ein anekdote.[5]
Galleri
- Rosettane er av lause, lange, stive, torna blad. Blada er litt bøygde, omtrent 60-100 cm lange og 2,5-3,5 cm breie. Farga er grågrøn, blågrå eller matt gulgrøn på oversida, lysare grøne på undersida. Dei ytste to tredelar av bladet er kanta med krokforma koniske, kvasse tornar. Dei nedste tornane kan ha spissane peikande oppover, elles er tornane retta nedover.[2]
- Blomsterstanden er panikulær, vaksen ut på ein høg og slåande stilk som liknar ein stor asparges. Stilken er sylindrisk, treaktig, sparsamt hårete, spirer vertikalt til ei høgd på omtrent 2-3,6 meter og 4-5 cm i diameter, dekt med breie, grøne blad.[2]
- Dei øvre to tredelane av stilken er godt forgreina (tilsvarande panikkelblomsterstanden) og dekt med blomstrar og fyldige knoppar. Panikkelen (klyngje av piggar) er løyst pyramideforma, opptil 1 meter høg og 30 cm i diameter ved basen, kvar klyngje støtta opp under av eit breitt lansettforma høgblad med spiss topp, 7-8 cm lang, 4-5 cm i diameter, hårete.[2]
- Indre kronblad dannar ein sylinder på opptil 2 cm i diameter, med skarp spiss, nokre utståande, kjøttfulle, 5-6 cm lange. Støvdragarar med glatte filament, 3,5 til 3,8 cm lange og framståande oransje pollenberarar, 8 mm lange, dekt med oransje pollen. Griffelen er lengre enn filamenta, arret er 3-delt.[2]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads