Mi’kmaq
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Mi’kmaq (ofte skrive Micmac, Migmaw eller Mikmaw på engelsk, og Míkmaq, Míkmaw' eller Mìgmao på mi’kmaq) er eit aust-algonkinsk språk som blir snakka av omtrent 11,000 mi’kmaq-folk i Canada og USA, av totalt 20 000 mi'kmaq-folk.[1][2] Ordet mi'kmaq er eit fleirtalsord som tyder 'venene mine' (singularis míkm[3]); adjektivforma er míkmaw.[4]
Remove ads
Fonologi
Foneminventaret i mi'kmaq er vist nedanfor.
Vokalar
Konsonantar
Obstruentane (/p, t, k, kʷ, t͡ʃ, s, x, xʷ/) er ustemt ordinitialt eller attmed ein annan obstruent, men allofonisk stemt [b], [d], [ɡ], [ɡʷ], [d͡ʒ], [z], [ɣ], [ɣʷ] mellom sonorantar (vokalar eller dei stemte konsonantane /m, n, w, l, j/). Ordet ⟨mi'kmaq⟩, phonemisk /miːkmax/, er uttalt [miːɡmax].
Mi’kmaq skil ikkje berre mellom lange og korte vokalar, men også mellom lange og korte konsonantar. I listuguj blir dette symbolisert med å doble konsonanten. Når lange konsonantar står framfor andre konsonantar.
Remove ads
Syntaks
Mi’kmaq har fri ordstilling, bygd på emfase heller enn på fast ordstilling setningsledda i mellom.
Skriftsystem

Mi’kmaq er skrive med det latinske alfabetet, og bruker ei rettskriving uvikla av kristne misjonærar på 1800-talet. Tidlegare brukte dei mi'kmaq-hieroglyffar, eit skriftsystem der indianarane var med og utvikla det. Francis-Smith-ortografien, som blir brukt i denne artikkelen, vart utvikla i 1974, og tatt opp som offisiell ortografi av Míkmaq Nation i 1980. Dette er den mest brukte ortografien, den blir brukt av mi'kmaqar frå Nova Scotia og av Míkmaq Grand Council. Systemet er likt den såkalla "Lexicon orthography", og skil seg frå den berre i bruken av apostrof ⟨'⟩ eller akutt aksent ⟨´⟩ heller enn kolon ⟨:⟩ for å markere vokallengde.
Ein kan erstatta i med strek ⟨ɨ⟩ med cirkumfleks-i ⟨î⟩. I Listuguj-ortografien markerer ein apostrof lang vokal, og bokstaven ⟨g⟩ blir brukt i staden for ⟨k⟩. 1800-tals stillehavsortografi bruker ikkje ⟨w⟩ og ⟨y⟩, og bruker ⟨o⟩ og ⟨i⟩ i staden. Den ignorerer også vokallengde. Ortografien til Silas Tertius Rand er også med i tabellen, den er meir komplisert enn det går fram av tabellen.
Talord
1 | newt |
---|---|
2 | ta'pu |
3 | si'st |
4 | ne'w |
5 | na'n |
6 | as'gom |
7 | lluigneg |
8 | ugumuljin |
9 | pesgunateg |
10 | ne'wtisga'q |
Mi’kmaq bruker eit titalssystem der 10 er ne’wtisga’q og 20 er tapuisga'q.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads