Queen Jane Approximately
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Queen Jane Approximately» er ein song av Bob Dylan frå albumet Highway 61 Revisited i 1965. Han vart gjeven ut som singel som B-sida til «One of Us Must Know (Sooner or Later)» i januar 1966. Han er òg blitt spelt av mange andre artistar, som The Grateful Dead og The Four Seasons.[1]
Musikarane på «Queen Jane Approximately» omfattar Dylan, Mike Bloomfield på elektrisk gitar og Al Kooper og Paul Griffin på klaverinstrument.
Ein har spekulert i kven denne dronning Jane er, og om det kan vere Tudor-dronningane lady Jane Grey og Jane Seymour.[2] Andre har spekulert i om det kan vere Joan Baez, som har eit namn som liknar på «Jane». I 1965 fortalte Dylan sjølv ein journalist at Queen Jane er ein mann.[3]
Remove ads
Konsertutgåver
Sjølv om Dylan sjeldan spelte denne songen på konsertane sine,[2] finst eit konsertopptak på albumet Dylan and the Dead.[1] I ei undersøking i Mojo frå 2005 blant andre artistar, vart «Queen Jane Approximately» oppført som den 70. beste Bob Dylan-songen.[4]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads